Spillelisten uke 13

This content has been archived. It may no longer be relevant

8. The Sweetest Thrill – Krautpleaser

Øyvind Hegg-Lunde og Stephan Meidell er aktive i fleire band og prosjekt, men vi er glad for at dei likevel også får tid til The Sweetest Thrill. Energisk, støyande og catchy kraut/noise-rock på sitt beste.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/131786555″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

7. Disaster in the Universe – Sunlight

Tremannsbandet Disaster in the Universe gav nylig ut debutalbumet sitt «Coconut Message», etter å ha først slått gjennom på Hoveslaget i 2012. Om du ikkje har sjekka det ut endå kan du få ein smakebit her. Nytast best i sola med ein kald brus.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=-obSKHpso6o]

 

6. Mother – Easy

Brooklynbandet «Mother» dukka mystisk opp på Soundcloud for om lag ein månad sidan, og var plutseleg på alle sine lepper etter 60.000 avspelingar av låta «Easy» innan den første veka var omme. Visste du forresten at vokalisten i Mother også spelar Dan Humphrey i tv-serien Gossip Girl?

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/135362499″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

5. Ester Adele – Just Leave

Med ærlege, personlege tekstar, tar Ester Adele si varme stemme deg inn i soulen si verd, prega av mystikk og element frå R’n’B og funk. Den nye singelen «Just Leave»,  flyt frå det heilt mjuke og sårbare, med groovy retro funkbass, gjennom eit catchy refreng, til eit klimaks krydra med mjuke blåsarar og stor, jazzy melankoli. For tida befinner den unge artisten seg i studio, der ho er godt i gong med nytt materiale – vi gler oss!

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/138063982″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

4. Oliver Wilde – Play & Be Saved

Å plassere Oliver Wilde under ein sjanger er ei utfordring. Men sjølv om vi har problem med å plassere dei, så er det som ein draum å høyre på. Klarer du å sjangerplassere Oliver?

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/139051122″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

3. S. Carey – Crown the Pines

Sean Carey er vanlegvis ansvarleg for trommer og supportvokal i Bon Iver, men at han også kan skape noko riktig så flott på eiga hånd er det ingen tvil om. Nyt!

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/138227376″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

2. Vekas album: The War on Drugs – Lost in the Dream

Philadelphiabandet The War on Drugs blei til 2005 når Adam Granduciel møtte Kurt Vile. Men med åra bestemte unge Vile seg for å fokusere meir på solokarriera si og forlet bandet. Men Granduciel & co. held det framleis gåande. Det setter vi pris på.

 

1. Vekas låt: Johannes Holtmon – Sushisosialisme

Vekas låt er det Johannes Holtmon som står for, den heiter Sushisosialisme. Trøndersk har aldri vore flottare!

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/139992999″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

Vekas speleliste og meir til kan du høyre på Spotify:

 

 

 

Anbefalte artikler