This content has been archived. It may no longer be relevant
I alle fall om ein blar i avisene. For sjølv om namnet kan verke ukjend for enkelte, så er Kaja Gunnufsen langt frå uoppdaga. Musikken hennar har vore lista på både Studentradioen i Bergen og P3. Også publikum og medier over det ganske land har fanga opp den 25 år gamle artisten og hennar debutalbum “Faen Kaja”. Og responsen? Den er mest einisidig. I positiv forstand.
God mottaking
Difor ringte Studentmorgen til Kaja for å høyre korleis stoda er. For det er ikkje alle debutantar unnt å bli bortskjemt med jamt over gode kritikkar. Tønsberg Blad, Aftenposten og Dagbladet trillar ein femmar, medan musikkmagasinet Gaffa like greitt trilla seksaren. “Slike jenter, det vil nye Norge ha” og “En av Norges mest spennende stemmer” er blant overskriftene. I tillegg har ho vore innom iTunes topp 10 si albumliste. Hovudpersonen sjølv legg ikkje skjul på at ho set pris på dei gode tilbakemeldingane.
– Det var veldig fint, og eg må innrømme at eg var veldig spent. For eg held på med noko som har stor fallhøgde. Ein kan jo verkeleg mislike det også.
Og Gunnufsen er ærleg på at både gode og dårlege tilbakemeldingar er noko som påverkar henne.
– Eg er av den typen som bryr meg alt for mykje om negativ kritikk, men det er nok også fordi eg er ganske fersk i “gamet”, så eg har ikkje vent meg til å få det midt i fleisen. Forhåpentlegvis blir det lettare etterkvart å ikkje henge seg opp i kritikk.
Enn så lenge treng ho ikkje tenke for mykje på negative tilbakemeldingar.
Lytt til intervjuet med Kaja her:
[Audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/03/kaja-gunnufsen-intervju.mp3]
Ute på Noregsturné
For sjølv om jenta frå Ås nyleg har slept sitt debutalbum er ho som nemnt ikkje heilt framand heller. I fjor sommar spelte ho på både Øya, Slottsfjell og by:Larm, kor ho på sistenemnde festival var blant mottakarane av Norsk Musikkråds Forbilde-pris. Dette er ein pris som blir gitt til kvinnelege rollemodellar; rollemodellar som kan vere med å inspirere andre unge jenter som har lyst, men ikkje heilt tør å satse fullt ut på musikken.
Denne månaden er ho på Noregsturné og må difor bu seg på mykje tid på landevegen mellom små og store knutepunkt i Noreg. Berre i løpet av denne helga skal ho spreie musikalske perler i Bergen, Stavanger og Tønsberg.
Med seg på laget har ho bandet Bendik, anført av den også lovande Silje Halstensen. Saman har dei ein “split”-konsert, kor Gunnufsen er først ut, før Bendik overtar på scena. Der Gunnufsen beveger seg mot eit meir balansert og roleg lydbilde, overtar Bendik med litt meir trøkk.
Naivt?
Gunnufsen jobbar mykje med musikken sin og håpar å nå ut med meir enn berre gode tekstar.
– Det er jo mykje fokus på tekstar då, men eg prøver å formidle meir enn berre det. Eg syns sånn lydmessig er det jo pop, men eg prøvar jo å gjere det meir interessant. Så er det jo ganske rett fram, mange kaller det jo litt naivt og utleverande.
I tillegg til å vere travel artist med plateslepp og konsertar helg etter helg, studerer Gunnufsen til å bli lektor. Sjølv om ho gjerne følgjer artistdraumen er ho ikkje utelukkande til ein kombinasjon av dei to retningane. Ho er i alle fall i rute til å etablere seg som artist på den norske scena.
“Desp”
Vi høyrde også med Gunnufsen om kva som kunne inspirere henne til å skrive songar. I den anledning henta vi fram ein tekst ho låg ved “Desp”, ein single som kom ut i fjor.
«I september bestemte jeg meg for at jeg skulle leve ett halvt år i sølibat. Ikke av noen spesiell grunn egentlig. Jeg var bare skikkelig lei av alt guttemaset. Tenkte at det ville være sunt å ta en liten pause fra alt sammen. Fokusere på skole og sånn. Det gikk ganske fint. Frem til 2.juledag.
Jeg våknet om morgenen og var så desp at jeg ikke visste hva jeg skulle gjøre. Senere på kvelden dro vi på Bonanza og jeg bestemte meg for at noe måtte gjøres. Selv om det bare hadde gått 3 ½ måned. Problemet oppsto dagen etter. Det var ikke primitive drifter som gjorde at jeg sprakk, men behovet for annerkjennelse og at noen ville ha meg. Jeg tenkte «Faen, så desp jeg er». Også skrev jeg «Desp».
– Det der sølibatet, det må jo seiast at, det var eigentleg ikkje noko eg valte. Jeg bare fikk meg ikke no’! Så valte eg å kalle det for eit sølibat, så det er jo litt pynting på sanninga den teksten der.
For publikum må slike ufrivillige sølibat likevel vere gull, spesielt når ein får slike ærlege, musikalske skildringar i retur. Noko som ein garantert blei servert som publikummar under hennar konsert på Hulen torsdag kveld.