Skeiv, bi, lesbe eller transperson?

This content has been archived. It may no longer be relevant

Inish Næss er den nye leiaren for Skeiv Ungdoms lokallag i Bergen og kan ikkje vente med å komme i gang med sakene Skeiv ungdom står for.

– FRIDOMEN TIL Å VÆRE SEG SJØLV

Skeiv Ungdom er ein frivillig organisasjon i Noreg som skal hjelpe ungdom under 30 år å bli opplyste om legning, rettigheiter og likeverd. Organisasjonen er ein ungdomsorganisasjon under Landsforeningen for Lesbiske og Homofile (LLH).

Skeiv ungdom har historie heilt tilbake til 2004 då organisasjonen vart stifta. Sidan 2004 har organisasjonen jobba for å sikre likeverd og rettigheitar for lesbiske, homofile, bifile og transseksuelle (lhbt). Om du er for friheten til å være seg selv og er under 30 år er Skeiv Ungdom tingen for deg.

15 LOKALLAG I NOREG

Den nye leiaren i Skeiv Ungdom Bergen, Inish Næss er ein av 15 leiarar i landet som skal drive lokallaget sitt best mogleg. Lokallaga strekk seg over heile Noreg og er i følgje skeiv ungdoms nettstad grunnsteinen i Skeiv Ungdom.

– Organisasjonen er ikkje berre for skeive ungdomar, den er også for dei som interesserar seg for LHBT og er for at ein skal ha same rettigheiter uansett legning, fortel Næss.

Næss fortel vidare at det var mykje arbeid med å fange opp medlemmer som har vore aktive i lokallaget, og å få kontakt med andre lokallag for å jobbe saman mot eit felles mål som er å nå fram til flest mogleg menneske.

Skeiv ungdom jobbar også internasjonalt for å skape felles rettigheiter i verda. Målet til organisasjonen er å skape felles rettigheiter i verda, og det å få fram at det å være ein lbht-person er normalt og at desse menneska har like rettigheiter som alle andre.

Høyr intervjuet med Inish Næss om korleis det var å ta over som leiar i Skeiv Ungdom Bergen:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/12/inish-ness.mp3]

VIL ENDRE NORSK LOV

Skeiv Ungdom jobbar ikkje berre med å informere og opplyse, organisasjonen jobbar også for å endre norsk lov når det gjeld HIV og AIDS. Skeiv Ungdom krev av at § 237 og §238 i den nye Straffeloven (tidl. § 155)skal fjernast, fordi den kriminaliserer HIV-positives sexliv.

Å donere blod er ikkje enkelt om du er homofil. Menn som har sex med menn får nemleg ikkje lov til å donere blod, fordi denne gruppa har auka risiko for å bli smitta med hiv og hepatitt. Skeiv Ungdom krev at retningslinjene for donering av blod skal endrast, slik at utvalskriteria baserer seg på risiko-åtferd og ikkje seksuell orientering.

FESTIVAL FOR LBHT-UNGDOM

For å gå litt tilbake i tid vart denne festivalen starta i 2000 og blei først kalla homoøya. Ettersom Skeiv Ungdom vart etablert i 2004, fekk festivalen namnet Jafnadr.

Festivalen har som formål å samle ungdom frå heile landet for å kunne knytte vennskap og for å opplyse om kva Skeiv Ungdom jobbar med. Namnet på festivalen kjem frå norrønt, og skal blant anna bety likeverd.

Anbefalte artikler