National Novel Writing Month

This content has been archived. It may no longer be relevant

National Novel Writing Month (NaNoWriMo) er ein verdsomspennande utfordring der deltakarane skal skrive 50 000 ord på ein månad. NaNoWriMo starta i 1999, og har sidan då inspirert deltakarar til å skrive historiar som har gjort dei til forfattarar. I Noreg er det heile 2052 deltakarar.

1666 ord kvar dag

Lars Solbakken har via 30 dagar til å skrive ein post-pop-kulturell, pre-apokalyptisk historie som skal vere 50 000 ord lang. Det er 1666 ord kvar dag. Utfordringa tek han på strak arm.

Solbakken utdjupar at historia handlar om ein verden der all forsking og romfart er blitt sett til side til fordel for underhaldningskulturen. Historia blir meir dramatisk då sola blir større og sluker heile solsystemet.

Solbakken skal skrive om korleis menneskeheita skal greie å kickstarte romfarten igjen for å redde menneskeheita. Hovudpersonen er ifølgje Solbakken litt for deprissiv, men han har planar om å skrive han om.

– Førsteutkastet bør suge

Solbakken seier at førsteutkastet bør suge, fordi etter 30. november kan han redigere historia slik at den blir best mogleg, om han føler at det er verdt det.

– Det å vinne NaNoWriMo betyr at ein har skrive 50 000 ord, men har du ikkje greidd det, så har du ikkje greidd det, seier Solbakken.

Kan lite om romfart

– Det blir ikke den hardeste scifi-romanen du har lest før, seier Solbakken.

Han opplys at han kan lite om romfart, og kjem heller til å fokusere meir på den menneskelege delen av historia og korleis dei kjem til å takle at sola kjem til å sluke heile solsystemet.

Høyr heile intervjuet: [audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/11/Intervju-med-Lars-Solbakken.mp3]

(Toppfoto: Skjermdump/nanowrimo.org)

 

Anbefalte artikler