This content has been archived. It may no longer be relevant
Captain Phillips er ein film basert på boka «A Captain’s Diary: Somali Pirates, Navy SEALS and Dangerous Days at Sea» av den ekte kaptein Richard Phillips. I 2009 opplevde Phillips å få skipet kapra under ei farefull ferd gjennom somaliabassenget, ei reise ansett som ei av dei mest risikable av sjøreiser.
Godt spel
På lerretet er rolla som Phillips tolka og meisterleg utførd av Tom Hanks (Forrest Gump, Extremely Loud & Incredibly Close). Leiaren for piratane, Muse, er spelt av hittil ukjende Barkhad Abdi med skremande realisme og innlevelse i meisterklasse som står utmerka godt til resten av filmen og dens besetning.
Vi snakkar her eigentleg om ein av mine favorittar til neste Oscar-utdeling. Eg ser for meg at ikkje berre Hanks og Abdi men også regissør, klipp og manus er på lista over moglege og i so fall velfortente nominasjonar. For dette er ein film som absolutt ikkje er noko hjernelaust action med et enkelt mål om å ha flest ville scener og eksplosjonar.
Spenning
Realismen i filmen er oppnådd gjennom kløktig kameraføring, nydeleg klipping, eit særs godt manus og eit sett skodespelarar som leverer kvar ei setning som om det kom frå dei sjølve. Eg er imponert over spenningsfaktoren denne filmen har, og som eg rapporterte i studio kom det til det punktet der eg følte eg anten ville gjere i buksene eller forlate salen fordi spenninga ville ta meg av dage.
Men spenning er ikkje einaste følelsen som tek deg med storm, du skal bli båe forbanna, apatisk og i tårer før filmen er over og når den tid kjem er det nesten som du set i med “Om igjen! Om igjen!” for å få sett den oppatt og få med deg alt på nytt. Dette er den typen film som kan sjåast om att og om att, for du blir utvilsamt berre meir og meir overtydd om at dette er ein som skal stå på favorittlista di.
Mi anbefaling er enkel, kom deg i salen so snart du kan og ta med ei hand å knipe i når det riv som verst i mage og nervar. Dette er ein film du ikkje vil eller kan gå glipp av.
Regi: Paul Greengrass
Medverkande: Tom Hanks, Barkhad Abdi, Catherine Keener
Sjanger: Action, drama, eventyr
Lengde: 130 min
Land: USA
Språk: Engelsk, somali
År: 2013
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram. Kinosyndromet sitt heilt eige filmnerdpanel synsar om sett og haurt innan film og tv med oppdateringar, diskusjonar, meldingar og anna nammenam kvar torsdag kl 11:00 på radioens frekvensar og nettradio. Du kan også laste ned våre podcasts og følg oss gjerne på facebook.