Einmannsbandet

This content has been archived. It may no longer be relevant

Sommaren 2005 herja han hitlistene i Norge og Europa med sin sukkersøte singel “Got None”.  Mens garantert mange vil bruke øyrane til å lytte saknande og nynna med, så har Robert Post eit litt meir avslappa forhold til si største hit.

– Eg har kanskje spelt “Got None” fleire tusen gongar!  Men det er jo debuten min, så den er jo med meg heile vegen. Eg har skrive ganske mange songar sidan det, og som eg gjerne føretrekkjer å framføre.

Den avbalanserte sunnmøringen seier at han gjekk lei “Got None” ein lang periode, og at den først fekk sin renessanse etter å ha fått den litt på avstand. Han forklarar at det å leike med songen, gjere den på litt andre måtar og lære nye bassliner var sentralt. For i følgje Post hjalp det å fornye låta – og dermed leve betre med alt snakket rundt den.

Er sitt eige band

No nærmar det seg plateslepp for Post sitt nye album som kjem ut no i oktober. I følgje han sjølv har det vore ein rask prosess. Albumet begynte han på i starten av august, og no nærmar det seg release.

– Det er ei full band-plate, berre at eg har spelt inn, produsert og miksa den heilt sjølv.

Faktisk har han spelt alle instrumenta sjølv, sett bort frå litt hjelp frå ein fiolinist.

– Eg har spelt trommer, bass, tangentar og gitarar, seier Post med si klare røyst, som han også brukar på det nye albumet.

Han meiner det nye albumet hans vil ha eit streitare pop-rock-uttrykk, og at det difor kan minne meir om hans debutalbum, enn hans førre album som var drege meir mot visepop-sjangeren.

 

I studio spelte Robert Post “Feeler”:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/10/Feeler-Robert-Post.mp3]

 

Italiensk festivalfadese

I sommar skulle Post med fullt band halde konsert på tre festivalar i Italia. Han og bandet hadde øvd og var veldig klar for å reise nedover, då ting viste seg å ikkje vere heilt som det skulle vere. Dei tok kontakt med bookingagenten som hadde fiksa festival-jobbane, og ville høyre korleis stoda med flybillettar var. Då viste det seg at det ikkje var like lett å få tak i agenten lenger. Då Post & co tok direkte kontakt med festivalane dei skulle spele på, fekk dei ein uventa beskjed: dei hadde blitt lurt! Han hadde tatt alle pengane og gått under jorda.

– Veldig, veldig kjipt, seier Post om det som skulle bli sommarens høgdepunkt.

Det blei altså ingen tur, og eksentriske Post bestemte seg i staden for å skrinleggje det akustiske albumet han nesten hadde ferdig. Han begynte frå scratch og utforma albumet “The Button Moulder”, som kjem ut 21. oktober. Så fram mot plateslepp har han hendene fulle med diverse konsertar i tillegg til release i Oslo.

Og i slutten av november kjem han med fullt band til Bergen.

 

Høyr heile intervjuet med Robert Post her!

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/10/RobertPost.mp3]

 

Toppfoto: Anja Charlotte Markussen

Anbefalte artikler