Filmkunst i Bergen

This content has been archived. It may no longer be relevant

– Ung Assembly er den store kunstutstillinga som er rundt om kring på elleve ulike steder i Bergen akkurat no, og fram til og med 27 oktober, seier Amundsen.

Namnet på kunstutstillinga kjem frå to tidlegare filmskaparar, Arkadij og Boris Strugatskij, frå 1960-talet, der dei har skrive ein fantasy/science fiction-roman, Stalker. Tittelen på romanen var Monday Begins on Saturday. Denne tittelen er namnet på den aktuelle kunstutstillinga i Bergen.

 

Internasjonal samtidskunst

Denne kunsten inneheld også ein del norske kunstarar, og med kunstnarar med tilknyting til Noreg. Dette er kunst som er i stor grad tidsbasert opplys Amundsen.

Ho seier også at det er veldig mykje film som er på utstillingane. Ung Assembly skal også halde eit filmkurs, der det er to ulike kurs. På kurset denne veka kan ein få innspel på korleis ein skal jobbe med idéutvikling, få hjelp til opptak og ikkje minst redigering.

 

Lag din eigen film

På filmkurset til Ung Assembly kan ein få lage eigen film, og får den vist fram til eit publikum. Dei som kan delta på filmkursa er dei frå 16-22 år.

Amundsen opplys at desse kursa er rimelege å delta på, fordi Ung Assembly har fått støtte frå kulturrådet, Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, og difor kan vi tilby kurset til ein rimeleg pris.

 

KONKURRANSE: Send ein SMS til 1963 med kodeord SRIB der du skal fortelle oss kva din favorittfilm er, så er du med i trekkinga av ein gratis plass på dette filmkurset frå Ung Assembly!

Martin Hjelle og Celine Amundsen
Matin Hjelle og Celine Amundsen. Foto: Aleksander Nygård Tonheim

Kjende filmskaparar

– Vi har to instruktørar på kvar av desse kursa, og det kurset som går denne veka er det en som heiter Mariken Halle og Ronja Svenning Berge som har ansvar for kursa, seier Amundsen.

Tidlegare i fjord haust hadde desse to instruktørane eit kurs som hette ”ung film” i Bergen. Siste helga, den 26 og 27. Oktober, blir det ein liten utstilling i kunsthallen av filmane som blir laga på filmkurset.

Høyr på intervjuet med Celine Amundsen frå Ung Assembly:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/09/Intervju-med-Celine-Amundsen.mp3]

Anbefalte artikler