Film: albert nobbs

This content has been archived. It may no longer be relevant

I desse dagar er Janet McTeer å sjå i filmen Hannah Arendt som har premiere denne veka. I den anledning ynskjer eg å plukke fram att filmen Albert Nobbs som kom på norske kinoar for vel eit år sidan.

Albert Nobbs lev eit stille liv i teneste hjå eit hotell i Dublin. Butleren ber på ei hemmelegheit, for Albert Nobbs er eigentleg ei kvinne. Etter eit liv i mannsklé har ho sett seg ut den unge Helen til hustru for å fullføre illusjonen. Problemet er at Helen har eit godt auge til den virile unge mannen Joe. Albert må då forsøkje å overtyde Helen med gåver og lovnadar om eit godt liv.

Det går ikkje heilt Albert sin veg med Helen, og som om ikkje det var nok å risikere avsløring gjennom denne kurtisen, dukkar måleren Hubert Page opp på hotellet. Bygningar må haldast ved like og gjestane forventar det beste. Hubert blir ansett og hotelleigaren Mrs Baker beordrar at mr Page skal dele rom med mr Nobbs. Albert blir sjølvsagt frå seg av angst for å bli oppdaga, og ein kveld skjer det som sjølvsagt måtte skje.

Albert Nobbs er godt utførd, manus og regi komplementerer dei sterke skodespelarprestasjonane. Filmen er ein adaptasjon av eit skodespel, og hovudrolleinnehavar Glenn Close(101 Dalmatians, Dangerous Liaisons, Fatal attraction) har spelt Albert på scenen tidlegare som nok tilfører rollen realisme. Å spele ei heil rolle i drag og i tillegg vere overbevisande er eit kunststykke som Close so absolutt meistrar.

Andre på rollelista er Janet McTeer(Tumbleweeds, Hannah Arendt) som speler målaren Hubert Page, enno ei kvinne som har sett seg lei av å bli tilsidesett og gått inn for livslang drag. Mia Wasikowska (Jane Eyre, Alice in Wonderland, the Kids are all right) speler vene Helen som utnyttjar stakar Albers kurtise for Joe si vinning.

Albert Nobbs er ikkje ein feelgood type film, det er eit tragidrama som tek for seg kvinner sitt liv i victoriatidas Dublin. Sjølv om den ikkje akkurat etterlet deg med eit smil om munnen, gjev den deg ein følelse av å ha brukt tida di på noko verdig. Slik som gode filmar gjerne gjer. Glenn Close og Janet McTeer aleine er grunn til å nyte denne Oscar-nominerte perlen.

http://youtu.be/y5b4c5x0SIk

Kinosyndromet er eit filmprogram som her på studentradioens bølger surfer gjennom den delen av livet som oftast trekkast fram i kleine datingnettsidebioar. Få med deg det siste frå film- og tv-verda kvar torsdag kl 11:00 til 12:00

Anbefalte artikler