Vekas oppsummering: BJ Penn er ikkje ferdig

This content has been archived. It may no longer be relevant

Nok ei MMA-veke er over, og eg står igjen med nokre tankar om kva som har skjedd. UFC har tatt event-pause, men trass i dette har det likevel rørt seg i MMA-verda.

Kvinne-TUF er gøy

Først og fremst vil eg takke dei høgare makter at den søppelsongen av ein intro, som var som ein kreftbyll på The Ultimate Fighter (TUF), er vekke. Denne var riktig nok fjerna forrige sesong under leiing av den amerikanske kanalgiganten FOX, men kvar gang eg blir minna på at songen har vorte skvisa blir eg temmeleg happy. Ikkje nok med det, introen er kutta ned til berre å presentere trenarane og Dana ‘Fucking’ White, og ikkje ein tre minutters presentasjon av samtlege fighterar.

Vidare må eg berre sei at episodane har vore gode til no. Ronda Rousey framstår som superparanoid mens Miesha Tate er i sitt rette element. Eg har klokketru på at det er kvinnene som står for dei beste kampane denne sesongen, grunnen er nemleg at UFC har endå til gode å støvsuge opp dei beste kvinnefighterane, noko dei for lengst har gjort med mennene.

– I’m gonna go to the death

Og det er der problemet mitt dukkar opp når UFC førre veke offentleggjorde nok ein sesong (gudane veit kva tal det er kome opp i) av TUF. Problemet er at The Ultimate Fighter ikkje lenger er rekrutteringsarena for «the next big thing», noko den var dei første sesongane med fighterar som Forrest Griffin, Rashad Evans, Nate Diaz og Michael Bisping. Dei verkeleg gode talenta er for lengst plukka opp. Det å vere TUF-vinnar no til dags er ikkje akkurat det ein skal legge mest vekt på når Bruce Buffer ropar ut fighter-credentials før ein kamp.

Uansett, det komiske med den nyleg annonserte sesongen er at BJ Penn og Frankie Edgar skal vere trenarar. Tapte ikkje BJ Penn to gongar mot Frankie Edgar tidlegare? Blir ikkje dette for dumt? Eller vil BJ Penn gjere som han gjort før kampen mot GSP? Nemleg å “go to the death”? Det som også skurrar er at Dana White ville at BJ Penn skulle legge opp etter kampen mot Rory McDonald.

 

Slagkraftig tungvektsoppgjer annonsert

Etter at Fedor Emelianenko slutta med MMA for å bli Putins sportspolitikar i Russland, var det naturleg for meg å finne meg ein ny favorittungvektar i Mark Hunt. Han var som kjent veldig i siget og vann fleire kampar på rad i UFC, men vart dessverre i år highlight-reel knocka av brasilianske Junior Dos Santos. Heldigvis vart det annonsert at han skal møte Antonio “Big Foot” Silva i Australia 7. desember. Mark Hunt slår knallhardt og Big Foot har stor kjeve. Lett. Det er forresten ikkje mogleg å mislike Mark Hunt.

 

Arrestert for tredje gang, på under ein månad

Tidlegare UFC-utøvar og programleiiar i Bully Beatdown på MTV, Jason ‘Mayhem’ Miller har ikkje rekorden for flest knockouts i MMA, ei heller submissions. Men det ser ut som han no har blitt “the undisputed champion” i å bli arrestert. Førre veke vart han nemleg arrestert for tredje gong på ein månad. Dette resulterte i at han også har lagt opp med twittringa si, enn så lenge. Heldigvis kom det noko positivt ut av det, då Miller produserte nydeleg fengselskunst. Kunsten kan du se på twitterkontoen til Jason Miller, som også er god lesing for dei som er nysgjerrige.

Steven Seagal: – I taught him lethal stuff

Anderson Silva avslørte at Steven Seagal ikkje var særleg involvert i å lære Silva det sparket som knocka ut Vitor Belfort på spektakulært vis, trass i påstandane frå filmstjerna. Anderson hevdar  nemleg at han har trent på den teknikken heilt sidan han starta med kampsport. Dette lovar kanskje ikkje godt for eit vidare samarbeid mellom Sensei Steven Seagal og Anderson Silva-kun. Personleg er dette potensielt ganske kjedeleg, for det var temmeleg morsomt å sjå Steven Seagal bli med sine brasilianske vener, som sikkert gav han masse ‘hespect’, både til innvegingar og i walkout mot octagonet.

MMA-Revyen hører du hver onsdag kl 21. Podcasten slippes rett etter sendingen og er fortsatt enklest å høre i iTunes.

 

Gi oss gjerne en iTunes Review. Facebook.com/MMARevyen

Siste podcaster

    Anbefalte artikler