Kulthelten mot skyskraparen

This content has been archived. It may no longer be relevant

I helga kjem UFC tilbake til soloppgangens land, Japan og nærare bestemt SAITAMA SUPER ARENA. Det var her PRIDE FC, blant mange kjent som den beste MMA-organisasjonen i si tid, hadde sin heimstad. Kortet, UFC on FUEL TV: Japan, har legendariske Wanderlei Silva mot all-American Brian Stann som headliner.

Det er likevel ikkje denne kampen som underteiknande gler seg mest til. Kortet har nemleg det hardtslåande fjellet Mark Hunt mot 3-meter høge all-in Stefan Struve, sjølvsagt med det treffande kallenamnet ‘Skyskraper’. Det blir krig av slikt.

Me i MMA-revyen diskuterte iherdig dette oppgjeret på sendinga onsdag. Høyr diskusjonen under:

[audio: https://srib.no/wp-content/uploads/2013/03/mark-hunt-struve.mp3]

K-1 World Grand Prix

Med bakgrunn i kickboksing-organisasjonen K-1, har Mark Hunt vore lenge i gamet. I 2001 vann han den gjeve World Grand Prix turneringa i K-1, der han på vegen knocka ut den ekstravagante knockoutmaskina Jerome Le Banner, ein av dei beste K-1 tungvekterane gjennom tidene. I 2004 gjekk han til PRIDE FC der han sloss mot the who’s-who av MMA. Fedor Emelianenko, Wanderlei Silva, Josh Barnett, Alistair Overeem, Mirko Cro-Cop og så vidare. Mark Hunt etablerte seg kjapt som ein av dei beste strikerane i tungvektdivisjonen. Dette gjennom slagkraft ala Junior dos Santos, teknikk ein topp kickboksar verdig samt eit ‘chin’ som tåler minst like mykje som Roy Nelson. Ein dødeleg kombinasjon. Svakheita er og var sjølvsagt grappling, der han er oppført med fleire tap via submission. Dette lærte motstanderane å utnytte og med seks tap på rad såg det mørkt ut. Men UFC gav Mark Hunt sjangse i 2010 og har sidan 2011 hatt tre sigerar på rad, som inkluderar ein knockout siger mot Cheick Kongo og ein trerunders dominanse mot Ben Rothwell og brytaren Chris Tuchscherer. No er det Stevan Struve som står for tur.

Den høge hollender

Stevan Struve, berre 25 år, er UFC sin høgaste utøvar med sine 2 meter og 13 cm. I UFC har han heile 12 kampar allereie, der kun ein av desse har gått til dommaravgjersle. Dette er ein som går all-in og verkeleg leverar underhaldning. Eit farleg «freakshow» som vil gå rett inn i hjarterota til dei entusiastiske japanerane. I likheit med Mark Hunt, har Stevan Struve ei forrykande seiersrekke på gong. Med fire sigerar på rad, mellom anna mot Pat Barry og Stipe Miocic er han ein definitivt ‘in the mix’, som Dana White ofte sei. Majoriteten av Struve sine sigerar er via submission, og då ikkje overraskande med tanke på høgda, ‘triangle choke’.

Mark Hunt er fortsatt ‘it’.

Eg tippar Stevan Struve er villig til å stå å veksle lenge nok til at Mark Hunt får inn slag som knockar ut skyskraperen. Struve har nemleg ein tendens til å gå kamp utan å beskytte ansiktet sitt, der han bevegar seg rundt med lav guard. Dette har Roy Nelson og Junior dos Santos tidlegare utnytta, med kvar sin siger over Nederlenderen via K.O. Struve er definitivt mykje meir komplett som MMA-utøvar enn Mark Hunt, og logikken tilsei at han vil prøve å ta ned Mark ‘The Super Samoan’ Hunt og gå for ein submission. Men, eg trur ikkje Struve går for nedtakning før det er for seint. Mark Hunt vinn nok ein siger via knock-out i første runde.

Hør MMA-Revyen på iTunes

Siste podcaster

    Anbefalte artikler