Blir sjeleglad av å snakke MMA

This content has been archived. It may no longer be relevant

I programmet “Folk som slåss” reiser Kristopher Schau verda rundt og møter alt frå folk som har slåssing som hobby til profesjonelle utøvarar som lever av ulike artar av slåssing. Til dømes var Schau i Brasil i søken etter Vale Tudo, ein lite regulert kampsport, som mange meiner er forgjengaren til Mixed Martial Arts (MMA).

Høyr heile intervjuet med Kristopher Schau i podcasten vår på iTunes.

Skulle eigentleg henge med Dan Henderson

Folk som slåss hadde fått grønt lys til å følgje den legendariske UFC-utøvaren Dan Henderson fram mot kampen sin mot mester i lett-tungvekt Jon Jones i Las Vegas seint i august i fjor, men denne vart dessverre kansellert ettersom Henderson i forkant pådrog seg skade. Løysninga, vart det mindre glamorøse UFC-stemnet i Nottingham, England.

– Me måtte ta ei litt meir fattigmannsløysning så me drog på UFC on FUEL i Nottingham med Struve og Miocic. Det var eit nivå ned, men det var eit kult stemne, altså! Men for meg var det jævlig gøy å møte ein fighter [Stefan Struve] som var høgare enn meg, det var i seg sjølv noko i alle fall! Fy faen han er høg.

Men det var ikkje berre Stefan Struve som var interessant for Schau å møte.

Kriminelt gærn

Schau møtte mange spesielle karakterar under filminga av programmet. Han kunne nemne typar som den svært slappe UFC-utøvaren frå Island Gunnar Nelson, brasilianarar generelt med sin brå verbale tone og såkalla businessfighterar. Men det som stakk mest ut var møtet med tidlegare UFC-utøvar Matt Horwich i Polen.

– Da me var i Polen møtte vi han klin gærne Matt Horwich. Fy faen! Han er så kriminelt gærn! Han er så kristen. Han snakkar veldig lavt og det einaste han snakkar om er Jesus. Han går alltid rundt med ein bibel på seg, og Jesus er det einaste han vil snakke om. I tillegg har han alltid med seg bibelen opp til ringen. Fy faen, du må sjekke ut intervjuar med han på nettet.

Nevekamp mellom sigøynarar

Men dette var likevel ikkje høgdepunktet i serien ifølgje Schau, der det som peika seg ut var møte hans med ei gruppe sigøynarar i Storbritannia.

Ei av dei meir minnesrike augneblikka for Schau var då Folk som slåss-teamet var i Storbritannia for å dokumentere eit oppgjer og forsoninga som følgde mellom to rivaliserande personar i eit sigøynarmiljø. Schau hadde kome i kontakt med miljøet etter å ha sett dokumentaren Knuckles, der ein engelskmann følgde ei gruppe sigøynarar i 12 år. Engelskmannen skulle eigentleg berre dokumentere eit bryllaup. Men det som vart plukka opp i prosessen var ein stor krangel mellom to menn. Løysninga på krangelen fekk Schau og Folk som slåss sjå.

– Det var to karer som har vore på same dame for 5 år sida, og sidan har begge to funne seg nye damer. Desse har hata kvarandre som pesten, der det har vore mykje trøbbel med venar på kvar side som har slåss og laga rabalder. Etter fem år med krangel, møtte dei kvarandre i ein stall halv elleve på ein søndag formiddag for å skvære opp. Etter å ha denga laust på kvarandre i eit og eit halvt minutt vart dei bestevenar. … Veldig spesielt.

– Eit lønnleg håp om puling og slåssing

Då me snakka om at UFC skal lansere ein ny sesong av realityserien The Ultimate Fighter, der nyheita blir at kvinner og mannlege bantamvekt-utøvarar skal bu i same hus, var Schau klar på kva han meiner.

– Dei skal ha både menn og kvinner i huset samtidig, kva i helvete liksom!? Det er ein genistrek av UFC president Dana White. Han har eit lønnleg håp om puling og slåssing. Det er det han tenker! Ei blanding av slåssing og Paradise hotel!

Sjeleglad for å snakke MMA

For Schau var det å lage TV-programmet folk som slåss, ei moglegheit til å forstå meir om kampsport som han sjølv er så lidenskapeleg oppteken av. Schau presiserar riktignok at fokuset på å lage bra TV var sopass krevjande at det stjal mykje merksemd frå sjølve kampane. Difor er Schau noko usikker på om han skal lage meir TV av kampsport. Han vil rett og slett berre vere ein vanleg tilhengjar av sporten. Men, som mma-fan kjenner han derimot ikkje så mange som har samme interesse, og når moglegheita dukkar opp for å snakke om sporten med andre likesinna blir han glad.

-Det er ingen, ingen som delar denne interessa for MMA med meg, så eg er sjeleglad for å ha nokon å snakke om MMA med!

Folk som slåss går kvar tysdag framover kl 22.00 på MAX.

Siste podcaster

    Anbefalte artikler