Film: The Conjuring

This content has been archived. It may no longer be relevant

Når det går ein ny film fra folka bak storfilmen “Insidious” på kino, ja då MÅ eg rett og slett ta turen innom. Det var min første tanke då eg blei invitert til denne perlen av ein skrekkfilm. Vi kjøpte snop og sjokomjølk, gjekk klare for uhyggje inn i salen og satte oss i våre utvalde seter. Stemninga i salen var god og parfaktoren høg. Eg visste at dei snart verkeleg skulle få grunn til å kveile seg saman.

“The Conjuring” er regissert av James Wan, mannen bak “Insidious”, “Saw” og “Dead silence”. På trappa står “Insidious chapter 2”, som eg personleg gler meg noko voldsomt til å nyte i ein mørk sal nesten aleine. Wans tidlegare filmar er av slaget som får deg til å vri deg i stolen av angst og som sjeldan gjev deg noko advarsel om komande skrekkelege augneblink som set seg i sjela, klare til å dukke opp midnattes når du treng det som minst.

“The Conjuring”, i likheit med “Insidious” og “Dead silence”, handlar om det overnaturlege. Den er basert på verkelege hendingar kring ei huseksorsisme på syttitalet av dei kjende spøkelsesgjegarane Ed og Lorraine Warren. Ei familie tek kontakt med dei etter å ha hatt ein serie særs skremmande opplevingar i det nye huset sitt. Eg som ser ein del filmar frå skrekk-kategorien er vand med ganske mykje, men eg kan seie med handa på hjartet at eg aldri har vorte so redd so tidleg i nokon film.

Det er ikkje berre historien som er skremmande, det er den magiske utføringa. Alt er utført i ein ganske realistisk stil, kle og innreiing er truverdig syttitals og farene som lurer og alt som følgjer med er uhyggjeleg nært og levande. No hadde eg sjølvsagt ikkje venta meg noko anna, for eg har som nemnt visse forutaningar når det er Wan som er regissør.
Skodespelarane har ein kjemi og eit samspel som gleder ein filmsjåar. Då eg først sat i salen var eg overtydd om at Ed og Lorraine Warren blei spelt av dei same to som speler paret i “Insidious”. Dette er sjølvsagt feil då det er Rose Byrne (“Marie Antoinette”, “Damages”) som speler kona i “Insidious” og ikkje Vera Farmiga (“Up in the air”, “Safe house”) slik eg trudde. Patric Wilson (“Hard candy”, “Phantom of the Opera”), derimot, er med i begge og om eg hadde eit spøk i hus, hadde eg gjerne tatt inn familien og husdyr òg dersom det tydde at denne godsaken av ein mann kom på besøk.

Om du, som meg, tykkjer skrekkfilmar kan bli vel mykje desperat og blodig då er dette ein film for deg. “The Conjuring” er ikkje berre ein vinnar i skrekk, men ein generelt særs god film som bit seg fast og blir med deg lenge. Eg planlegg viewing party so snart den er ute på fysisk format eller Netflix, og har den som kinofavoritt so langt i år.

Hugs berre å ta med nokon du kan klynge deg fast i og skrike til i halvannan time.

Kinosyndromet er eit filmprogram som her på studentradioens bølger surfer gjennom den delen av livet som oftast trekkast fram i kleine datingnettsidebioar. Få med deg det siste frå film- og tv-verda kvar torsdag kl 11:00 til 12:00.

Anbefalte artikler