Fuzz spesial: Jørn Lande

This content has been archived. It may no longer be relevant

Spesialsending

Denne veka er det duka for spesialsending i Fuzz, noko som høyrer til sjeldanheitene. Underteikna fikk heile sendinga til disposisjon, og når sjansen baud seg, vart temaet ein av favorittane innan rock og metal.

Jørn Lande er ein vokalist som har vore aktiv musikar i om lag 20 år. Mannen frå Rjukan i Telemark gjorde seg først kjend då han song Noregs fotballsang til VM i 1994, “Alt For Norge”. For mange er kanskje dette det beste haldepunktet til vokalisten, men han har gjennom ei lang solokarriære, sideprosjekt og gjesteopptredenar, vorte svært godt kjend som ein formidabel artist og vokalist innan rock og metal.

Historia

Det første bandet som var med på å gi Lande eit navn, var sideprosjektet til Ronnie Le Tekrø og Morten “Morty” Black frå TNT, Vagabond, som vart starta i 1994. Dei gav ut to plater, men gav seg då TNT kom saman att i 1996. Etter det vart han med i The Snakes, eit coverband med to tidlegare medlemmar frå Whitesnake, som også gav ut eit album med eigen musikk.

I 2000 starta han sitt eige soloprosjekt, Jorn, og gav ut si første plate, Starfire. I 2002 vart han med i det tyske power-metalbandet Masterplan, og var med på tre plater som vart svært godt motteke.

Mellom 2008 og 2010-11 vart han godt kjend gjennom å vere med på tre album og fleirfaldige opptredenar med det prestisjefulle bandet Avantasia, der låtskrivar Tobias Sammet inviterar mange kjende vokalistar til å vere med. Dei siste åra har fokuset vore på solobandet Jorn, og mindre på sideprosjekt.

Fuzz tek føre seg heile denne innhaldsrike karriæra, og ventar på det neste soloalbumet, “Traveller”, som kjem 11. Juni. Høyr smakebitar frå plata under!

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=gmALY0tRwC8&w=853&h=480]

Speleliste:

  • Jorn – Shadow People (Live In Black, 2011)
  • Vagabond – Thunderblunder (Vagabond, 1994)
  • The Snakes – Showdown (Once Bitten, 1998)
  • Jorn – Bless The Child (Worldchanger, 2001)
  • Allen/Lande – The Forgotten Ones (The Battle, 2005)
  • Avantasia – The Scarecrow (The Scarecrow, 2008)
  • Jorn – Promises (Lonely Are The Brave, 2008)

Anbefalte artikler