Spillelisten uke 11

This content has been archived. It may no longer be relevant

1. VEKAS LÅT: BERLINGO – BARNEVAKT

Dette er noko av det vi elskar med Bergen. Rått, nedpå, ekte og gateromantisk.   Dei begynte som to: Torgeir Høgheim på gitar/vokal og Eirik Wergeland Gundersen på trommer. Då er det ikkje rart White Stripes blir nemnt som ein stor inspirasjon. No er det eit nytt tilskot i rekkene,  Kristoffer Georg Nøstdal troppar opp og leverer bass.  Nokon må signere Berlingo. Vi vil ha meir.

 

2. VEKAS ALBUM: DAVID BOWIE – THE NEXT DAY – IF YOU CAN SEE ME

I ti år har det vore stille, men no har den gamle rockaren komt med den nye plata The Next Day.  Vi er veldig glade for at han framleis er i live, og det er kanskje ikkje utan grunn at Bowie kjem med lina ”Here I am, not quite dying”. ”If You Can See Me” er ei kul låt, men vi likar nok framleis dei gamle klassikerane som ”Let’s Dance” og ”Life on Mars” aller best.

3. IGGY AND THE STOOGES – BURN

Den gamle reven Iggy er igjen i vinden.  Det høyrest slett ikkje ut som han har fått 65 år på baken. Albumet Ready To Die kjem den 30. april.  Då kjem svaret på om det blir eit nytt uønska stebarn i diskografien, slik The Weirdness frå 2007 har blitt omtalt som, eller om Iggy på nytt kan imponere. Strengt tatt treng han ikkje det, for vi elskar Stooges uansett, men det hadde vore veldig, veldig, veldig kult.

 4. ANGELICA’S ELEGY – STARCHILD

Angelica’s Elegy, stasjonert i Trondheim, har nettopp slept debutalbumet Gold Celeste. Vi elskar den modne sounden, og det er med stor glede at vi listar ”Starchild” denne veka. Få klarer å frelse kritikerane som Angelica`s Elegy har gjort.

5. BIBIO – A TOUT À L’HEURE

Den engelske produsenten Bibio har skapt si eiga verd mellom indie og eksperimentell elektronika. Det er ein behageleg plass å vere. Med litt fransk blir det endå betre.  Oui, oui, oui.

http://soundcloud.com/joaqu-n-flores-mart-nez/bibio-a-tout-a-lheure

6. LAURA MVULA – MAKE ME LOVELY

Denne dama er rå! Det er tydeleg at britiske Mvula veit kva ho driv med. For ikkje lenge sidan var ho ein respsjonist, men no er ho godt på veg til stjernehimmelen. Låta er mektig og vi diggar orkestersounden og jazzvibben.

7. LEMÂITRE – CUT TO BLACK

Klassisk Lemaitre-låt. God stemning, meir catchy enn omgangssjuke og ein uslåeleg god vibe. “Relativity 3” kom 4. mars.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=4kjpZ_sPxzc&w=640&h=360]

8. ALFRED HALL – LOSE THAT GUN

Vi lenar oss tilbake og nyter debutalbumet Wilderness av drammensgutane i Alfred Hall. Dette er velprodusert og draumande popmusikk i eit spennande musikklandskap. ”Lose That Gun” er ei catchy låt, og vi gler oss til å følgje dette bandet framover!
[youtube http://www.youtube.com/watch?v=XjJz75Hg4u4&w=640&h=360]

SJEKK (nesten) HEILE SPELELISTA  TIL SRIB HER:

 

Foto: Promo

Anbefalte artikler