En midtsommernattsdrøm

This content has been archived. It may no longer be relevant

Til venstre på scenegolvet står ein bitteliten, detaljert modell av sceneromet og kulissane – lag på lag med skjøre trestammar, bladverk og forgylte rammer. Og ved sidan av – er det eit lite dukketeater?

Ein mistenkeleg entusiastisk inspisient entrar scenegolvet og opplyser om diverse forseinkingar og nødløysingar. Ikveld vil delar av stykket falle bort, han vil sjølv overta regien og gir så ordet til Puck. Alven Puck, som vel er reknar for den mest prestisjetunge rolla i skodespelet, får jobben med å slå ihjel dødtid før ensemblet er klart til å spele En midsommernatts drøm.

Puck trekkjer i trådane

Teenage wasteland
Den vakre Hermia, Lysander og Demetrius og Helena – den stygge. En midstommernattsdrøm spinner rundt fire ungdomar frå Athen, som i den middelhavssvarte natta rømer ut i skogen. Hermia og Lysander elskar einannan og flyktar ifrå døden.

Demetrius forfølgjer dei inn i mørkret på jakt etter Helena. Igjen og igjen avviser han den stygge, desperate Helena som sleper seg etter dei andre inn i det ukjende.

Desse fire, med sine feberheite impulsar og unge egoisme vert forkledd som komiske karakterar.

Lysander og Demetrius styrtar etter einannan ned det erverdige teaterbyggets korridorar, lik ukontrollerbare smågutar. Som små dukker, med sine playmoaktige gummisveisar raljerer dei fire ungdomane rundt på scenen og balkongane, i trappene, mellom seteradene, i kulissane, på bakromet og i teaterets kantine.

Spesielt Ida Cecilie Klem som ein yndig Hermia evnar å levere naive punshlines truverdig.

Samstundes er det smertelig når Helenas forelska vener trøystar overfladisk med kvite løgner. Ane Skumsvoll som den sjølvforaktande Helena syner stor beherskelse av ein karakter heile verda ser som stakkarsleg, men likevel tek usjenert stor plass.

Skumvoll gir den klangbunnen og styrken heile oppsetjinga treng for å syne fram at menneska er mykje ømmare enn kjærleiken.

Publikum ler seg gjennom forvekslingskomikken, og veit at alle finn kjærleiken til slutt. Retningslaust tumlar dei unge athenarane rundt utan blikk for kva som er draum og verkeleg. Dei er som små marionettar, og anar ikkje kva mørke krefter som dreg i dei.

Magi i vår tid
I skogen utanfor Athen, regjerer den maktsjuke alvedronninga Titania, spelt av Helle Hugsgjerd som ei totalitær hjarterdronning. Ho er i strid med alvekongen Oberon, i Øyvind Grans jaga skikkelse. Alveparets mørke forhold fyller sceneromet med dunkel magi.

Dei teatralske illusjonane, som vi forventar ifrå stykket, blir framstilt med videoprojektor og kunstige lydeffektar – slik vi møter magi og forledande illusjonar i vår kvardag. På denne måten forstår vi betre korleis Oberon kan verte djupt forelksa i ein Galte – eit infantilt monster.

Kong Oberons begjærsobjekt

Elskovsscenen mellom Oberon og galten er eit komisk høgdepunkt. I originalen er det alvedronninga som fell for eit esel. Eselet har eg tidlegare tenkt som ein treg, patetisk type. Tormod Løvold, derimot, gjer det meste ut av rolla, som ein glad jævel med stor innsikt i ein glates rike kjensleliv.

Handlinga i stykket vert stadig avbroten av inspisienten som vil instruere teaterets handverkarar i hans pretensiøse versjon av den avlyste scenen. Nokså lettvint raljering med teaterteori og overanalyse løftast i siste akt opp til noko heilt eige.

Tøyer fantasien
Kor lenge varte oppsetjinga? Kva skjedde nøyaktig? Når eg tenkjer tilbake på handlinga, grip eg etter stadig nye detaljar, kjenner at mykje allereie løsnar ifrå minnet og blir vanskeleg å gjenkalle – dette drøymespelet ser eg lett to gongar til. Eirik del Barco Soleglad står for ein delirisk maratonprestasjon – mannen med tusen andlet, som likevel aldri mistar si særeigenheit i rolla som Puck.

Den Nationale Scene byr på eit ungt og uredd ensemble, som drøymer om stjernene – med intensiteten til eit mareritt.

En midtsommernattsdrøm: Forbeholdsteater med nødløysingar som lokkar fantasien til å strekkje seg stadig litt lenger – utan garantiar for ein lukkeleg slutt.

Høyr klipp frå oppsetjinga, samt intervju med regissør Peer Perez Øian og skodespelarar i Skumma kulturs komande sommersending.

Anbefalte artikler