Anmeldelse: 2 Days in Paris

This content has been archived. It may no longer be relevant

Paris blir av mange ansett som den ultimate kjærleiksbyen. Det stemmer vel sånn nogenlunde med det denne filmen portretterar, men kanhende eit litt anna aspekt av kjærleiken -den stormande sjalusien.

Julie Delpy(Before Sunset, Broken Flowers) har regien og eine av to hovudroller i denne filmen. Det vekslast mellom komedie og drama, og stemninga er konstant i endring. Vi bytar mellom eine synsvinkelen frå den andre etterkvart som desse to dagane går for seg. Delpy sin karakter Marion og hennar kjærast Jack(Adam Goldberg(Joey, A beautiful mind)) er i Paris for å helse på foreldra hennar etter ein kjærleikstur til Venezia. Det er dette som dannar bakteppet.

Marion er fotograf og ser på livet som ein dans det gjeld å kunne koreografien til. Ho har ei heilt anna innstilling til det enn hennar kjærast Jack, som er amerikansk hypokonder med eit kynisk syn på verda ikring han og mistru til alle folk han møter. Dette skal verkeleg få testast i Paris, der ikkje berre dei irriterande foreldra åt Marion er til å kverke, men også kvar einaste tidlegare elskar Marion har hatt ser ut til å dukke opp rundt kvart hjørne. Det er duka for sjalusi.

Eg er ikkje heilt stø i fransk, men eit og anna kan eg klare å plukke opp. Difor er Jack sin situasjon ikkje heilt til å identifisere seg med for meg. Når du ikkje kan språket er det frustrerande at dei rundt deg samtalar om tema du helst vil vere ein del av. Det blir raskt språklege og kulturelle misforståingar og vanskelege situasjonar når følelsar skal til pers i språkleg samanheng og i ein kultur som tydelegvis ikkje er so lik din eigen som du først antok.

Historien går sin gang, Marion kjeftar på spesielle taxisjoførar og har kleine samtalar med sine exar. Jack blir berre meir og meir frustrert og alt byggjer seg opp. Då er det sjølvsagt at det skal kome fram gamle bilete og sms’ar. Det er til tider litt stygg humor ute og går, men når du ser heile biletet er det greit å le, for du ser at det ikkje er så gale som det verkar.

Eg anbefalar å sjå denne godsaken ein dag du hatar kjærleiken litt og treng å le rått av andre si ulukke. Skadefro light, kallar eg det. Dessutan er alle karakterar godt skrivne og godt utførte og Delpy har verkeleg laget med både regi og skodespel. Og kven vil ikkje sjå Goldbergs penis festa til heliumsbalongar?

kinosyndromet er studentradioens filmprogram. Høyr våre omtalar, anmeldingar og kommentarar samt koselegt filmprat på radioen kvar torsdag frå 11 til 12!

Anbefalte artikler