Etrian Odyssey Nexus, ei historie om forvirring og kjærleik

Etrian Odyssey Nexus, startar med ein grandios opning der historia blir fortald om dei sju Yggdrasil-trea vera bygd opp av. Vidare får du sjå dei kongelege som ynskjer meir makt til seg sjølv, og dermed sender ut eventyrarar ut til ubode kontinent og land. Nexus tek opp historia ved landfellinga av eit slik kontinent. Der får du eit hint av spelets første mekanikk, tekstbasert historie. Du er ein ansiktslaus person som ledar ein guild av krigarar av forskjellege klassar. Du blir gjennom første sekvens lova båe gull og heider om du kartlegg forskjellege labyringtar for denne personen, som i god JRPG tvist visar seg å være kron prinsessa til nasjonen som eig skipet du er på.

Spelet startar, og problemane byrjar å vise seg.

Her startar spelet for fult. Du har alt gitt namn til Guilden din, og fingeren din leitar etter «Dra på eventyr» knappen. Den er uforståande utilgjengeleg, og etter ein kjapp tur til den lokale puben får du beskjed om å dra til Guild hovudkvarteret for å rekruttere nokre krigarar. I nexus har ein ikkje noko forhåndslaga karakterar, og ein må sjølv lage teamet sitt. Ein veljar klasse og kjønn på kver og ein av dei. Tilpassinga er begrensa til val av augefarge og hårfarge på eit førehandsvalt bilete av klassen. Eg må og nemne at her kjem ein av spelets DLCar inn. For ingen JRPG er komplett utan å kunne kjøpe bikinibilete av prepubertale jenter i suggestive stillingar. Når du har lage eit team med fem utvalde klassar, så kan du dra ein tur til baren igjen. Der får du ein serie med oppdrag som skal gjer Guilden din kjend blant overklassen på dette nye kontinentet. Du startar med det som må være det mest tragiske opningsoppdraget i noko spel. Du startar med å passe sauar, og sjølvsagt så forsvinn premiesauen til flokken. I ein serie med teksteventyr val, så kan du enten redde sauen utan noko drama, miste sauen heilt, eller sette i gong spelets første kamp. Det er i kampsystemet spelet visar deg det meiner alvor. Monstera er vanskelege, har tre gonger så mykje liv som deg, og er du uheldig så kan dei svake magikarane på andre rad, bli drepen med ein ferdighetsaktivering frå fienden. Nesten alle fiendar sin ferdigheiter har tillegsskade om spesielle krav blir oppfylt, som ulven sin Feral Slash, om ulven er i fremste rad, så gjer den ekstra skade på ein tilfeldig karakter i di bakarste rad. Din eigene ferdigheiter har tilsvarande når du kan velje dei.

Kampskjermen, med den valte karakteren sitt portrett.
Foto: Atlas stock-photo

Etter første level opp, så byrja for meg den verkelege kampen. Å finne menyen der eg kunne velje ferdigheitar til karakterane mine. Denne menyen er gjøymt bak namnet «Customise» og gjev ingen assosiasjon om sin funksjon som ferdigheitstree. Karakterane har tre «nivå» med ferdigheiter, der nivå 1 er altid tilgjengeleg, nivå 2 opnar når figuren blir level 20, og nivå 3 når figuren blir level 40. Når du har levert inn dei tre første rundane med «bli berømt» oppdrag, så har figurane dine blitt level 4 (ivertfall for min del), og då får du slipe til spelets hovudarena. Labyrintar. Du må ned i ein for å redde ein healer som har rota seg bort, og du finn denne healeren i andre rommet i labyrintent. Der får du eit nytt teksteventyr som kan ende med du prøvar å redde hunden hennar, eller slepar ho med deg, grinande og sutrande, tilbake til byen. På skjermen no har du ein del nye merker, som ein kvart sirkel som gradvis fyller seg opp, den har funksjonen som Random Encounter meter og fortel når du må slos mot monster. Og du har eit kompass. Her kjem hovuddelen av spelet inn, for du må sjølv teikne labyrintane inn på kartet. Der kan du ploppe ned alle moglege teikn, for forskjellege funksjonar.

Slik ser spelet ut mesteparten av tida i labyrinten. Foto: Atlas stock-photo

Spelet sel seg sjølv for DLC, for nokre ekstra kroner.

Så etter nokre timar, kjempa meg opp til level 7, så skjedde det som ikkje bør skje i eit JRPG. Eg møtte på ein bamse, og denne bamsen var vist sendt frå ein eller anna svært sint gud, for i level 7 med alt av utstyr tilgjengeleg, så blei eg drepen, igjen og igjen av denne bamsen. Diverre for meg, så måtte bamsen døy for at eg skulle få tilgang til trappa ned til etasje to, så då byrja nokre timar med grinding. Med eit system basert på antal skritt, og tilfeldighet så tek grinding evigheter. Etter sirka 3 timar grinding var eg level 9, og prøvde igjen. Nok ein gong døde eg i løype av to rundar kamp. I desperasjonen kom eg på dei to øvste dlceane i butikken. Desse gjev ekstra material for krafting, og ekstra xp. Så eg kjøpte dei. Dei låsar opp to quest som kan gjentakats i det uendelege, og dei gjev masse pengar og XP. Spilleøydeleggande mykje. Etter kjøpet, så repeterte eg xp questet fire gonger, og BOOM! Level 34. For å oppsumere: det tok 11 timar å nå level 9, utan desse questa, med questa gjekk eg frå level 9 til 34 i løpe av 15 minutt. Eg brukte alle pengane eg fekk, til oppgradere utstyr og nye våpen, og satte kursen mot bamsefar igjen. Og til min store overasking, så var bamse omtrent like vanskeleg no og. Den einaste fordelen eg hadde var eit støre utval av ferdigheiter. Etter ein kamp som haldt på å ende i min død igjen, så klarte eg så vidt å ta den. Tanken på å fortsette ned ein etasje til for å ta bossen i labyrinten blei for mykje.

Eit lite utdrag frå verdenskartet med labyrint to og litt ekstra. Foto: Atlas stock-photo

Avsluttningsvis må eg sei, eg har så lyst å like spelet, men får det ikkje til. Menyane er krunglete, viktige ting er gjøymt inn i langtrekte dialogar og filmsekvensar, og spelet kjennes treigt og tungt å spele. Alt i alt eit spel som eg ynksjer var betre en det er.

Siste podcaster

Spillmagasinet

Spillpodcast om konsoll- og PC-gaming med reportasjer, tilbakeblikk, anmeldelser og gjester fra spillindustrien hver tirsdag

Anbefalte artikler