“Et pusterom på veien”

Studentradioen i Bergen skal 21-22 November ha 24 timers livesending for å samle inn pengar til organisasjonen Robin Hood Huset i Bergen. Og vi har vert så heldige å fått intervjuet rådgivar Sebastian Schwalbach og Tomas Yohans Mehari som er praksisstudent hos organisasjonen. 

Robin Hood Huset er eit rusfritt og livssynsnøytralt møtested for økonomisk vanskelegstilte og nettverkssøkande i Bergen sentrum. Organisasjonen er opent og gratis for alle og har fokus på å møte alle med omsorg, vennlegheit og respekt uavhengig bakgrunn. Dei tilbyr ein rekke gratis tenester og aktivitetar som er med på å styrke deltakerens kunnskap, handlingskompetanse og sosiale nettverk. 

Arbeidet deira har blant annet som mål å bekjempe og begrense effektene av fattigdom og utenforskap gjennom å jobbe på individ-, gruppe,- og systemnivå. 

Under intervjuet og besøket vårt på lokalet deira i Magnus Barfots gate 22 blei vi møtt med eit inkluderande miljø. Vi merket fort at dette var eit sted for absolutt alle. Folk satt og koste seg med frokosten sin ilag og hygget seg. Det var klart at dette var eit omsorgsfullt miljø. Under intervjuet fekk vi høyre ulike historiar som traff oss alle. Vi fekk høyre om ein gong praksisstudenten hjelpte ein deltakar med eit mattestykke. Eit problem som kan virke smått for mange, men som betydde stort for han å få moglegheita til å få hjelp med. Det endte opp med at han kom til Robin Hood Huset med matteleksene til sonen for å dobbelsjekke at han hadde hjelpt sonen rett med mattestykka. Med dette er det aldri størrelsen på problemet i seg sjølv som utgjer kor viktig hjelp kan vere, men utfallet og kor langt ein kan komme med litt hjelp, uavhengig av situasjonen. 

Robin Hood Huset er dermed ein stad som vel å gjere ein forskjell for samfunnet og for menneskjer som trenger den lille hjelpen for å komme seg på beina og komme seg videre. Det kan sjå ut som små steg for dei fleste, men for nokon kan det gi store hopp for å oppnå draumane deira.

Anbefalte artikler