Chuck Bass sjarmerar tenåringsjenter, kjærastane deira og seg sjølv.

Tekst: Emilie Sætre Bonesmo

Bandet “For You” med skodespelar Ed Westwick kjend frå serien Gossip Girl med karakteren Chuck Bass, avslutta turneen sin i sjølvaste Bergen by den 13. november. Med bursdagsgratulasjonar, selfiar frå scena og gåver til publikum spara dei ikkje på krutet.

Konserten byrja med lokalartist Most Likely Marlin. Noko ikkje alle hadde fått med seg på førehand, då det var mykje jubel like før ho gjekk på scena, men litt mindre jubel når dei titals av jentene som hadde pynta seg forstod at det ikkje var sjarmøren Chuck Bass som stod på scena. Likevel fekk Marlin varma opp publikum med både humor, god musikk og allsong.

– Takk for at alle har teke seg tida til å komme å høyre på meg. Nei da, flirar Marlin frå scena.

Etter Marlin forlét scena tok det gode 20 minutt før bandet hadde entreen sin. Kvar gong ein song frå ventelista var ferdig kunne ein skimte rundt ti mobilar stikke opp for å filme innkomsten til bandet, men til ingen nytte. Det vert nok sletta ein del videoar av ei tom scene dei neste dagane.

Men så byrja showet for fullt. Bandmedlemma Hans Kristian Nordin, Frank Giampietro og Michael Mathern var raske med å komma seg på scena og byrje sin første song. Men Chuck Bass var ingen stad å sjå. Like før refrenget starta kom vokalisten ut frå bakrommet i mot ein storm av jubelrop.

–It’s motherfucking Chuck Bass, ropte vokalisten etter nokre jenter på fremsted rad hylte av glede.

Med bare 8 sjølvlaga sangar klarte bandet likevel å halde på oppmerksomheita lenge.

–No har vi vore i Oslo og Trondheim, men Bergen har desidert vore mest høglydt, rosar Ed Weswick.

Etter han fek ei gåve frå publikum bestemde han seg for å gi noko «for you», og kasta ut t-skjorter det nesten vart basketak over.

Sjølv med god musikk var det få som kunne tekstane og hadde kanskje kjøpt billettar i håp om å sjå det forførande blikket som fekk Blair Waldorf til å bli mo i knea. Heldigvis for dei var dette blikket ein raud tråd i heile showet. Mysande ut i publikum med ingen fast mål med blikket, verka det som at Westwick nærare var meir forelska i seg sjølv enn nokon han såg i publikum.

Eg seier ikkje at dette er ein dårleg ting, for ein ting skal Westwick ha: han er kjekk. Mellom songane gir han likevel rom for å sette pris på bandmedlemma og kor flott Noreg er. Dei kjem definitivt tilbake. Med musikk på veg er det berre å glede seg, og som min medarbeider i Plutopop, seier Lena Andersson det perfekt:

–Dette er som å vere på Arctic Monkey før dei vart gigantiske.

Andersson har og, saman med Tiril Kleppe, intervjua bandet og fått detaljar om nettopp musikken som er på veg. Hør det her:

Anbefalte artikler