Då er Forskningsfronten programmet for deg!
Forskningsfronten er studentradioens nye program om forsking og akademia. (Foto: Tora Karoline Dahl)
Forskningsfronten er studentradioens nye program om forsking og akademia. Målet med programmet er at dagsaktuell forsking skal bli forståeleg og tilgjengeleg for folk flest. Programmet går fast på srib.no kvar tysdag kl. 12.00-13.00, og blir deretter lagt ut som podcast her og på Spotify. Sosialantropologane Hanne og Susann er programleiarane som vil guide lyttarane gjennom dei ulike episodane.
Kvar episode vil ha eit nytt tema; alt i frå forsking på istid, seksualitet, mat og helse, juridiske dilemma og så vidare. I kvar episode vil det vere ein ny gjest som er ekspert på tema han eller henne har forska på. Du vil møte blant anna menneske med mastergrader, vitskapelege assistentar og professorar
I fyrste episode av Forskningsfronten får vi besøk av geolog Carl Regnell. Han har ein doktorgrad i geologi der han skreiv om istid og isbrear. Visste du at vi i dag og dei siste 2.6 millionar åra har levd i ein istid? Ynskjer du å lære meir om dette? Sjekk ut episode 1 av Forskningsfronten!
Sosialantropologane Hanne og Susann er programleiarane som vil guide lyttarane gjennom dei ulike episodane. (Foto: Marit Tynning Henriksen)
[multi-feed-reader template=”Forskningsfronten” limit=”5″]