Spillelisten uke 18

This content has been archived. It may no longer be relevant

UKENS LÅT – Kai Straw – Don’t Tread On Me

Detta er noko for seg sjølv. Kai Straw blandar ein herlig mix av hiphop og jazz med litt soul. Med tanken på den høge kvaliteten på lista er det ikkje lett å toppe den, men mannen frå San Fransisco som kallar seg sjølv ein “musikalsk poet” klarar det lett.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/258631058″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Svømmebasseng – Følger Deg Hjem

Øslo-bandet Svømmebasseng lagar herleg synth-pop som siden starten i 2014har bygd seg ein fan-base. Låta “Følger Deg Hjem” tar deg med til Oslo og ein liten romantisk historie.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/259171975″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Hoggormsafari – Under Paraplyen

Passande tittel på ein låt skriven i Bergen. Hoggormsafari er ein gjeng frå østlandet som lager pop-punk (kanskje ein rar kombinasjon), som er ute etter å erobre Bergen by ein catchy låt om gangen.

Slow Stepper – Smile

Enda eit band frå Bergen. Dette er kanskje meir kommersielt enn det andre du finn på lista, men det er ikkje mangel på trykk. Slow Stepper prøver seg på ein meir internasjonal stil, som er kan vera veldig “hit-and-miss”. Eg gledar meg fortsatt til å sjå kva meir dei kjem med i framtida.
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=PP_GVchNA6Q]

YUNG BAE – Slam Jam! (feat. Luca Lush)

Kva får du når du blandar japanske teikneseriar, 80-tallsdisco og ein dose internettkultur? Jo, då får du produsenten “YUNG BAE”. Mannen frå Portland har jobba hardt med ein nesten umogeleg oppgåva, nemleg å gjenoppliva discoen. Kan han klara det? Ingen veit, men ein ting er sikkert: Dette er fantastisk!
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=9rCq75xPwc4]

Thai Mason – Look Up

Thai Mason er ein rappar frå Birmingham, som ikkje er vanskelig å høyra på den tunge dialekta hans. Låta “Look Up” er mykje meir avslappa og glad, og den skiljar seg ut frå det grime tunge miljøet som heng over Storbritannia.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/260763721″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Tunji Ige – Bring Yo Friends

Ein av dei på lista eg trur du kjem til å høyra meir av i nær framtid. Tunji har allereie jobba i lag med store namn som iLoveMakonnen, og han har ein heilt utrulig djup lidenskap for hiphop-musikk og musikk generelt. Låta er ein gladlåt som blandar mange element frå andre populære artistar, og det funkar bare så sjukt bra!
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/256639551″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Anbefalte artikler