Spillelisten uke 9

This content has been archived. It may no longer be relevant

UKENS LÅT – Paradis – Toi et Moi

Paradis fylgjer i fotsporene til franske legender innen elektronisk musikk som Daft Punk og Air. Låta Tot et Moi, som betyr “Du og meg”, er ein leken diskolåt som såklart er framført med nydelige franske vokalar.
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=AfMTHbRZLDo]

Little Scream – Love is a Weapon

Laurel Sprengelmeyer er eit multitalent som oppholder seg i Montreal kor ho har tidlegare jobba i lag med store band som Arcade Fire og The National. Låta er ein enkel hyllest til kjærleiken og dans. “Just remember that your greatest gift is to dance” syng ho i høg fasett som minner litt om Mika.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/244255754″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Sofia Hyttedalen – Lack Of

Av og til popper det opp ein ny artist som skil seg heilt ut. Sofia frå Gloppen er bare 14-15 år gammal, men allereie har ho meistra avansert musikkprodusering og låtskriving som lett kunne vert laga av nokon ti år eldre. Høyr låta sjølv og bli lika blåst vekk som meg.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/248400661″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

THIAS – LEFT

Meir kjendt som produsenten bak mange av låtene til bergensduoen $ushi x Kobe, har Thias her gitt oss ein smakebit på det som kan vera starten på ein solokarriere. Låta er tung på bassen, og ganske seriøs, noko som du kanskje ikkje høyrar så mykje av frå rap-produsentar, men det funkar.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/248323027″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Samaris – Wanted 2 Say

Det er ikkje vanskeligt å gjetta seg fram til at Samaris, som består av tre medlemmer, er frå Island. Musikken er flytande og vokalane avgir ein kjølig, men også nær, tone. Synthen er også på plass der han skal vera.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/248669989″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Death by Unga Bunga – Best Friend

Lett garasjrock frå Moss som me er glade for å ha tilbake i Noreg etter dei holdt på litt i USA. Dei syng om korleis det av og til er best å bare vera venar, som er eit morosamt og litt følsomt tema. Ser fram til meir!
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/247363134″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Syvia – Unloveable # 2

Herlig og catchy låt! Refrenget sit seg raskt fast i hjernen, og du kan fort finne deg i synge den i dusjen etter ein litt lubben date.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/245519948″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Her finner du låtene me har lista tidlegare:

Anbefalte artikler