Bursdagsfeiring i logen

This content has been archived. It may no longer be relevant

Sjølve bursdagsfeiringa til Studentersamfunnet føregår ikkje berre på éin dag, men gjennom ei heil veke med debattar og spennande føredrag. Dei har fått tak i Jens Stoltenberg  for å få klima på agendaen, og Frank Aarebrot skal lede deg gjennom 200 år av norsk historie på 200 minutt.

Inntek Logen

Sjølve feiringa av 80-årsdagen til Samfunnet finn stad i Logen i kveld. Jubileumskonserten brakar laus med Studinekoret Sirenene, Arme Riddere og artistar frå Griegakadamiet for å lage ein musikalsk heilaftan for publikummet.

–Det er heile 70 menneske på scena, seier arrangør Mia Julie Wiland.

«Rosin i pølsa»

Jubileumskonserten har også fått ein eigen jubileumskantata skriven av komponist Emil Kristoffersen Børø. Arrangør Wiland seier at dei har engasjert denne komponisten for å få ein spesiell skriven jubileumskantata for studentersamfunnet.

“Kva er ein jubileumskantata?”, tenkjer kanskje du.

– Ein kantate kan være ganske mykje, seier komponist Børø.

Det er eit stykke som syngast til festelege anledningar. Ein kan tenkje seg at kantata er den klassiske versjonen av ein partylåt, slik som Avicci. Anten Wiland eller Børø vil avsløre melodien til jubileumskantata som er skriven til arrangementet.

Klima på agendaen

FNs spesialutsending for klima, Jens Stoltenberg, skal snakke om ein internasjonal klimaavtale, og for å snakke om den nye jobben sin. Jørgen Randers som i 2012 ga ut boka «2052: A Global Forecast for the next Fourty Years»,  skal også halde føredrag i jubileumsveka.

Men det blir ikkje berre klima som er på agendaen denne jubileumsveka! Det skal nemleg vere direktesending av verdas fyrste akademisk sakte-TV!  Frank Aarebrot er føredragshaldaren som skal gå igjennom 200 år på 200 minutt.

Jubileumskonserten finn stad i Logen torsdag 27. februar klokka 20:00.

Høyr intervjuet og grunnen til at vi ikkje får ein smakebit på jubileumskantata:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/02/intervju-samfunnet.mp3]

Anbefalte artikler