Anmeldelse: Don Jon

This content has been archived. It may no longer be relevant

Don Jon er Joseph Gordon-Levitt sitt prosjekt frå start til slutt. Multitalentet Gordon-Levitt står for både manus og regi, og spelar dessutan hovudrolla Jon sjølv. Jon, kalla Don Jon av kompisar for sin evne til å plukke opp damer, har berre eit par ting han bryr seg om; kroppen sin, kåken sin, familien sin, kyrka si, gutane sine, jentene sine, og ikkje minst; pornoen sin. Jon er veldig glad i pornoen sin.

Då Jon treff Barbara (Scarlett Johansson), legg han livet som skjørtejeger bak seg, og legg all sitt fokus på ho. Han har større problem med å slutte å sjå vaksenfilmar, noko som skapar splid mellom paret. Då den frigjorte og opne Esther (Julianne Moore) kjem inn i livet til Jon, merkar ein ei endring i han.

Interessant tema

Filmen tek opp eit interessant tema om forventningar til ein partner, basert på biletet skapa av ulike medier. Barbara drøymer seg vekk i romantiske komediar, og har store forventningar og krav til mannen sin. Ho er kort og godt på jakt etter «den perfekte mannen».  Jon har fått eit vridd syn på kvinner ved å ha gått gjennom tusenvis av pornotimar på laptopen sin, og nyter kvinner på skjermen meir enn ekte kvinner. Dette er eit tema som passar inn i tida me lev i, og ein kan spesielt leggje merke til reklamen som kjem på fjernsynet då Jon og familien sit å et middag.

Intelligent humor

Don Jon er ein særs morosam film, og baserer humoren på intelligente og frekke dialogar og situasjonar. Dei kjappe og smarte replikkvekslingane skapar ein herleg dynamikk mellom karakterane. Scenane med familien til Jon, og då spesielt far i huset (Tony Danza), er utruleg morosame. Tony Danza spelar fantastisk som far til Jon, ein gammal gris som er meir oppteken av å sjå på TV enn å ha kontakt med familien. Når han først har snakka med sonen, er det som regel for å krangle.

Siger for Gordon-Levitt

Om det er noko som trekkjer ned ved denne filmen, er det rolla til Julianne Moore. Karakteren Esther er interessant og bra spela av Julianne Moore, men ho kjennes som ein litt lettvint løysning på problema til Jon. Dette vert ikkje eit særleg irritasjonsmoment, sidan resten av filmen er såpass bra laga. Det er heilt tydeleg Joseph Gordon-Levitt har lagt ned mykje arbeid i Don Jon. Det at han vågar, på toppen av karriera si, å skrive, regissere og spele i ein film om ein mann som er pornoavhengig, fortener skryt. Dette er ein morosam, dramatisk, romantisk og kul film. Ein går ut av kinosalen med eit smil etter å ha sett denne filmen.

Høyr Kinosyndromet diskutere Don Jon:

[audio: https://srib.no/wp-content/uploads/2013/10/Don-Jon.mp3]

Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og deler velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju fra filmens verden på podcast eller siste vekes streaming.

Anbefalte artikler