Anmeldelse: Snabba Cash – Livet Deluxe

This content has been archived. It may no longer be relevant

Snabba Cash-trilogien, basert på Jens Lapidus sine bøker, vert avslutta i denne valdelege og spanande filmen om Stockholms underverd. Det er, som i dei to andre filmane, ulike karakterar og hendingar som vert knyta saman av hendingar, vald og kjærleik.

Gjensyn

I Snabba Cash – Livet Deluxe møter me kjenningen Jorge frå dei to tidlegare Snabba Cash-filmane. Han er ute etter å utføre eit aller siste ran og deretter pensjonere seg frå kriminalitet. Ranet skal realisere draumen om eit hus på stranda i utlandet. Me møter òg igjen Radovan, sjefen for den serbiske mafiaen i Sverige.

I kulissane føregår ein maktkamp, og ein infiltrasjon av gjengen hans kan sette stoppar for planane hans. Me får dessutan eit gjensyn med Johan ‘JW’ Westlund, som er på jakt etter svar på kva som skjedde med søstera som forsvann.

filmweb.no

Interessante karakterar

Det er nettopp desse karakterane som gjer filmen interessant. Etter å følgt desse lugubre folka gjennom to filmar, er det herleg å sjå ei stor og realistisk karakterutvikling.

JW er prega av handlingane sine og tida i fengsel, og dette er noko ein ser i handlingane og utsjånaden hans. Jorge har òg spor etter fortida si, og ser etter ein måte å kome seg vekk frå den. Me stiftar eit nytt kjennskap med politimannen Martin Hägerström som er i prosessen med å infiltrere den serbiske mafiaen, styrt av psykopaten Radovan, noko som etter kvart vert ganske spanande.

Sterke skodelspelarprestasjonar

Skodespelarane må ha mykje av æra for kor bra denne filmen, og trilogien, eigentleg er. Matias Varela (Jorge) og Dejan Cukic (Radovan) viser eit stort kjensleregister på skjermen. Då gjer det ikkje så mykje at ein berre får sjå Joel Kinnaman (JW) i nokre få minutt. Martin Wallström (Martin Hägerström) spelar glimrande som politimann med interessekonfliktar.

Dialogen mellom karakterane er til tider lågmælt, men då og realistisk. Dessutan er desse filmane klippa og redigert på ein sånn måte at nokre scenar ikkje nødvendigvis får ein naturleg avslutning. Dette er eit kult grep, og det viser at dei respekterer intelligensen til sjåaren.

filmweb.no

Eit eterlengta gjensyn

Snabba Cash – Livet Deluxe har nokre svakheiter. Ein ventar på eit episk klimaks, som eigentleg aldri kjem. Filmen har ein stigande spenningskurve, men så fell den plutseleg igjen, utan å heilt nå toppen. Dette trekk ned litt, berre av den grunn at ein forventar litt meir.

Alt i alt er dette ein god film, og eit etterlengta gjensyn med karakterane i Snabba Cash-universet.

http://youtu.be/QmERzZxW38w

Foto/Copyright: Nordisk Film Distribusjon AS

Anbefalte artikler