Generasjonsskifte i MMA

This content has been archived. It may no longer be relevant

Spesialist mot spesialist

I starten av profesjonell MMA var det i all hovudsak spesialist mot spesialist. For UFC sin del var poenget å finne den beste stilarten. Med Royce Gracie i front, vart det lenge hevda at Brazilian jiu-jitsu var den sterkaste. Men svaret var aldri enkelt. BJJ-spesialistane var avhengig av å få motstanderen ned på bakken, men dei møtte straks problem når dei møtte gode brytarar med godt nedtakningsforsvar og teknikkar som nøytraliserte submissionangrepa. I etterkant har spesialistane, anten det var ein brytar eller ein kickboksar, kryss-trent og lært dei teknikkane som var nødvendig for å overleve den delen av kampen som dei var svakast i.

I nyare tid, derimot, har det dukka opp reine MMA-gym der utøverar blir trent i alle aspekt av MMA frå starten av. Rory MacDonald som er aktuell mot tidlegare tittelhaldaren og submissionspesialist B.J. Penn, er ein klar representant av denne nye skulen.

Ny skule

Emil Weber Meek, MMA-utøvar og leiar av MMA-Trondheim, som er Noregs største reine MMA-gym, meinar utviklinga er positiv.

– Det er ein positiv ting på alle måter. Om ein ser på nivået frå tidleg UFC og UFC i dag så er nivået mykje høgare nå, og det kan nesten ikkje samanliknast. Ein ny UFC-utøver i dag ville klart å hamle opp mot dei aller beste som var i starten av UFC, ettersom den nye ville forstå alle aspekt av MMA.

Den nye MMA-utøveren

Meek representerar på mange måtar den nye MMA-utøveren, der han i motsetning til å starte med ein spesiell stilart, starta å trene rein MMA. Dette har han gjort fram til i dag.

I Noreg kunne ein anten konkurrere i submission-wrestling eller i amatørboksing. Når ein frå MMA-trondheim skal prøve seg i til dømes submission-wrestling mot ein rein submission-wrestler, meinar Meek at ein MMA-utøvar ikkje ligg så langt bak teknikkmessig: Ein som trenar MMA eit år vil ha lært omtrent 70 % av det ein rein submission-wrestler har lært på eit år.

– Sjølv om ein ligg litt bak, er dette noko av fordelen; ein MMA-utøvar som har trent MMA frå starten av vil verken ha store svakheiter eller store fordelar i eit aspekt av MMA. Ein vil bli jamnt over god i alt.

Meek er likevel einig om at generalistane kan møte problemer med spesialistene i visse tilfeller.

– Jo, det hender seg. Vi ser jo gang på gang når ein frå den nye generasjonen kjem opp mot en spesialist, for eksempel en striker, og får bank ståande i ei runde så er han nødt til å skifte gameplan i neste runde.

Penn vs. MacDonald

– Uansett korleis det går med Rory McDonald så skal eg bette på han. B.J. Penn har alltid vore veldig fantastisk, og kjeme til å vere det. Han gjor ein god kamp mot Jon Fitch, men eg trur B.J. Penn har vorte litt for lei av det her, så eg trur Rory tar dette her. Han burde ta dette, fordi tida er på hans side.

Om den intense konkurransen mellom Penn og MacDonald i forkant, svarte Meek følgende på spørsmål om ikkje det vil tippe konkurransen i  favør Penn:

– Det trur eg ikkje. Hadde det vore snakk om ein potensiell tittelkamp så kanskje. Men Rory McDonald er eit fenomen blant dei nye skulen av MMA-utøverar. Han er ingen normal motstander.

MMA-miljøet i Noreg

Meek syns ikkje utviklinga i Noreg er på høgde med utlandet.
– Det vil naturlegvis ta lenger tid i Noreg, med nye ting generelt. Alt kjem som regel seinere her enn i utlandet. Vi kan godt bli betre på samansetning, som god boksing, muay thai og grappling. Vi har sjølvsagt nokre gode mma-utøverar i Noreg, men dei er ikkje i fleirtal. Så det er naturlegvis ei mykje treigare utvikling enn i USA.

Anbefalte artikler