Album frå A-laget på nyåret

This content has been archived. It may no longer be relevant

På nyåret planlegg A-laget å sleppe nytt album.  Ein viss suksess ønskjer dei å oppnå, men nokon klar ambisjon eller visjon  for kva albumet skal bli har A-laget ikkje.

– Vi vil berre lage eit jævlig bra album, og så har eg og Pete bestemt at vi skal ta tilbake powerballaden. Altså, ikkje den kvite, men den svarte. Vi har høyrt mykje på 80- og 90-tals RnB i det siste, seier Vågard Unstad.

2012 har vore eit godt år for A-laget. EPen “D E D D Går I” kom i vår og låta “Funksjonshemmet” blei ei undergrunns landeplage. Rapperane sette også farge på festivalsommaren. For to veker sidan kom mixtapen og siste tilskot i Nokke Feita-serien:  “Nokke Feita 3.5”. På same dag kom videoen til den nyproduserte “Breiar Meg”, som antageligvis også kjem på det nye albumet. Dei er også midt i Bærtur-turnéen med Lars Vaular og Jonas V.

Om den gode kurva held fram, kan 2013 bli året då A-laget går frå  å vere heile Bergens pervo-boyband til å bli heile Norges pervo-boyband.

– No har vi noko å arbeide mot. Det har vi eigentleg aldri hatt før, seier Vågard.

Trass i eit at dei unge mennene no har fått eit  mål, har dei framleis lave ambisjonar for kva A-laget skal bli.

– Med ein gong ein begynner å få ambisjonar og musikken blir eit slags hovudmål, så vil det etterkvart begynne å påvirke musikken du lagar. Det prøvar vi å unngå. Tingen med A-laget er at det nesten virkar som det fordi vi aldri har forsøkt å oppnå noko som har ført til at vi har oppnådd noko. Men klart, vi ønskjer jo ein viss sukess også, seier Vågard.

Vågard har skapt ei slags eiga karriere som “Twitterkonge” og kverulant. Mellom anna stilte han opp i Trygdekontoret på NRK og snakka om kjønn, og tidlegare i år havna han også i ein kranglete diskusjon med feminist-tidsskriftet Fett etter ein debatt om hiphop og kvinnesyn.

– Ja, eg er ein kverulant, vedgår Vågard.

Vågard meiner at A-laget sine tekstar også har eit del samfunnsspørsmål som bakteppe, men poengtere at A-laget antageligvis aldri vil ytre sine meiningar om store politiske spørsmål igjennom musikken.

– Vi skildrar korleis vi opplever ting og ser på verda. Om det skulle blitt veldig mykje tydelegare hadde det fort blitt kjedeleg rapmusikk. Eg hatar når artistar skal prøve å lære meg noko. Fortell meg om livet ditt og gjer det på din måte så gjer det meg eit nytt perspektiv uansett. Eg drit i politisk engasjement og samfunnsengasjement til artistar med mindre dei engasjerer seg i sitt nærmiljø eller noko sånt. Dei er jo musikarar, det er ein grunn til at eg høyrer på dei, og det er jo fordi eg vil høyre på musikken. Om eg vil høyre om slike store spørsmål så går eg heller på ei forelesning på UiB. Det er litt viktig å kunne skilje dei forskjellige rollene sine, for då kan du gjere dei skikkeleg, meiner Vågard.

Trur du at du blir tatt mindre seriøst når du på plate seier “sjå på meg når eg knullar deg og kall med Kristian Valen” og seinare kjem med seriøste standpunkt i ein debatt?

– Nei, eg trur det får meg til å framstå som eit mykje heilare menneske som har både humor og kan vere seriøs. Eg synest iallefall at det er enklare å ta folk som framstår som mennesklege litt meir på alvor. Eller, eg respekterer dei meir enn ein sånn ungdomspolitikar-type som berre står og masar og masar om eit eller anna drit som alle drit i. Eg er jo ein rapper. Det gir meg ikkje automatisk kompetanse til å uttale meg om alt mulig, seier Vågard.

Men, du gjer jo det?

– Eg gjer jo det. Men eg gjer det kun i settingar der folk sjølv kan velje om dei vil høyre på den sida av meg. Det er der eg synest ein del andre artistar drit seg ut fordi dei blandar sin politiske agenda så jævlig med musikken sin, at det rett og slett går utover musikken, seier Vågard.

Høyr heile intervjuet her:

[Audio: https://srib.no/wp-content/uploads/2012/11/Intervju-med-V%C3%A5gard-fra-A-laget.mp3]

Anbefalte artikler