— Det er harry å drikke seg full

This content has been archived. It may no longer be relevant

Blodharry gjekk på bar med Torkjell Berulfsen for å drøfte harryens tilnærming til alkohol. Den rutinerte NRK-mannen som er kjend for sine mange reportasjar om alskens alkoholholdige væsker, meiner det er vanskeleg å definere den mest harrye drikken.

— Den mest harrye drinken er den som står på nabobordet. Det me sjølv drikk er jo alltid høgverdig og kultivert, seier Berulfsen. — På den andre sida er det jo ein sjølv som skal drikke det, å då må ein for herrens navn få lov til å drikke kva ein vil.

Når Berulfsen alikevel skal nevne ein spesielt harry drink, må det vere vodka og cola: — Det er noko av det mest nitriste eg veit om. Vodka smakar jo tilnærma ingenting. Det er kun effekten ein er ute etter. Slik sett sit ein berre att med smaken av cola, seier han.

— Farlig å drikke på tomt hue

Berulfsen har lite til over for fulle folk. — Ja, det er harry å drikke seg full. Det er noko med det å ha ein viss kontroll over seg sjølv. Det har ikkje alle, og eg veit ikkje kor mange som måtte pumpast etter det der russetreffet på Tryvann. Det måtte jo vere varmgang i pumpemaskinane på Ullevål, seier han.

Berulfsen konkluderer i kjend stil: — Det viser berre at ein ikkje meistrar å vere saman med seg sjølv, og langt mindre saman med andre. Ein skal ha kontroll.

Blodharry er Studentradioen i Bergens minst pretensiøse og mest skitne program. Hør hos hver søndag fra kl 13 – 14. Om du ikke gidder å stå opp så tidlig kan du heller høre oss som podcast eller som reprise. Bli også fan av oss på facebook.

Anbefalte artikler