Kunsten med å gjera ting åleine

– Hei, skal me finna på noko?

– Sorry, eg kan ikkje.

– Skal me på kino i kveld?

– Nei, eg skal med nokre andre.

– Blir du med på shopping?

– Ikkje i dag.

Dette var ein typisk helg i ungdomstida mi. Nei på nei, gong på gong eg prøvde å finna på noko. Det stakk, gjorde vondt, og generelt var det fælt å sitja åleina kvar laurdagskveld. 

Etter kvart vart eg lei av å gå glipp av alt, berre fordi eg ikkje hadde nokon å vera med. Eg byrja å gjera ting åleine. 

I begynnelsen synes eg det både var ubehagelig og trist å gjera ting utan at andre var med. Eg følte meg så einsam og var redd for at folk synes eg var rar. I vaksen alder har dette vore min store styrke i livet. Eg byrja trass alt i Studentradioen utan å kjenne nokon. Eg har vore på forskjellige arrangement og kurs der eg har blitt kjent med nye folk.

I vår så følte eg verkeleg at eg trossa “eg gjer ting åleine”-skalaen. Det fyrste eg gjorde var å dra på konsert åleine. Eg er stor fan av Kaja Gunnufsen, men ingen i min vennekrets visste kven ho var. Dette stoppa ikkje meg for å dra på konsert åleine. På konserten tok det ikkje lang tid før to jenter sprang bort til meg og spurte om meg var åleine. Dei tok meg inn i varmen og plutseleg var eg med ein stor gjeng. Heile hendinga delte eg på Instagram, som faktisk førte til ein samtale med Kaja Gunnufsen sjølv, der me diskuterte dette med å gjera ting åleine. Tenk at eg kunne gått glipp av dette om eg ikkje turte å gå sjølv. 

I tillegg var eg på min fyrste solotur i år. Eller, det var ein organisert treningsreise saman med ei stor gruppe. Likevel reiste eg åleine til Rhodos, utan å kjenna nokon. På slutten av turen sat eg igjen med mange venner i alle aldrar. Eg var for det meste med damer i femtiåra og kunne ikkje ha kosa meg meir.

Det eg vil fram til med desse historiane, er at det finst mange eventyr og menneske ein har sjans til å møta om ein trosser komfortsona. Komfortsona med å gjera ting åleine.

Anbefalte artikler