Is the force still with us?

I dag kjem nemleg Star Wars: The Last Jedi, på kino i Noreg. Dette er den 2. filmen i den nye trilogien, og den åttande filmen i franchisen så langt. Handlingen begynner der Episode VII sluttar, og farar lurar stadig rundt hjørnet. Me møtar Rey, Finn og Poe igjen. Sist me såg dei, så var Rey på veg til Luke Skywalker på planeten Ahch-To, der han levde i eksil etter at Kylo Ren drap dei siste jedilærlingane. Finn låg skada, mens Poe fortsatte sitt arbeid med motstandsbevegelsen og deira kamp mot The First Order.

Dei gode punktene

Stemningsmessig er filmen veldig god. Den held deg på setekanten når det gjeld, og etter enkelte scener, sit du med hjertet halvvegs i halsen og pulsen gjennom taket. Sjølv fekk eg ein klump i halsen då Leia og Luke kom på skjermen i sine respektive første scener.  Soundtracket som nok ein gang er komponert av John Williams, dannar eit fantastisk bakteppe til handlinga, og om du har sett filmane mange nok gonger, så kjenner du nok igjen mange av dei musikalske ledemotiva i soundtracket. Gjensynet med Rey, Finn og Poe Dameron begynner meir eller mindre der vi sist såg dei, og møtet med Kelly Marie Tran sin karakter Rose Tico, får ein gjerne til å smile. Laura Dern og Benicio Del Toro overbeviser i sine roller, sjølv om det først var vanskeleg å vite kva ein skulle føle ovanfor dei begge to.

Dei dårlege punktene

Kylo Ren. Det er veldig lett å klage på han, men han er den karakteren som er nett som eit gnagsår. Han dukker opp, han irriterer deg, og du vert ikkje kvitt han med det første. Det er fleire scener i filmen som fekk meg til å løfte på augebryna, dog ikkje fordi eg var fornøyd.  Enkelte scener fekk meg også til å lure veldig på kva manusforfattarane tenkte då dei satt og arbeida (ikkje vondt meint til Adam Driver, som gjer sitt aller beste med det materialet han har fått).

Kva syns vi?

Alt i alt, ein verdig fortsettelse av franchisen. Den har nok av både action og humor om kvarandre, og som tidlegare nemnt, held den deg på setekanten gjennom enkelte scener. Carrie Fisher og Mark Hamill er i toppform i rollene som Leia Organa og Luke Skywalker, og det gjorde vondt å tenke på at Carrie Fisher ikkje lenger er blant oss. Daisy Ridley, Adam Driver, John Boyega, Oscar Isaac og Kelly Marie Tran er fantastiske når det kjem til sine respektive roller, og leverer solide opptredener når dei er på lerretet. Handlinga er bra satt opp, og personleg er eg svært spent på å sjå korleis dette kjem til å videre utfolde seg i Episode IX. Om terningen skal rullast, så blir det ein solid femmar på denne.

Siste podcaster

    Anbefalte artikler