This content has been archived. It may no longer be relevant
Les Saveurs du palais, eller Bon appétit hr presitent som den heiter her i Noreg, er historia om Hortense Laboire, landsbykokke og småbonde, som blir henta frå stereotypiske landlege omgjevnadar til hektiske Paris og det elegante men rigide Élysée-palasset. Presidenten har høyrt om hennar gode kunnskapar og talent innan fransk mat, og ynskjer at Hortense skal stelle i stand ekte klassisk fransk mat slik mor og bestemor hans i gamle dager. Hortense takkar noko fortumla ja til tilbodet og med det tek til på over to års teneste som privat kokk for presidenten av Frankrike.
Kokke for presidenten
Filmen baserar seg på opplevingane til Danièle Delpeuch som blei henta inn i 1988 av François Mitterand for å tene som kokke for hans private lunsjar og tilstellingar. At det har blitt gjort intervju med henne under produksjonen kjem klart fram då manus, arrangement og karakterar er særs overtydande og realistiske. Og maten, herregud maten! Ei kavalkade av smør, trøfflar og vin, eine franske herlegdomen etter den andre og oppi dette denne sympatiske men bestemte kvinna som snart gjer palasset til sitt eige og kjem nesten på fornavn med den aldrande presidenten.
– Litt Julie og Julia
Eg diggar denne typen film. Det blir nesten som Julie and Julia frå 2009 med Meryl Streep og Amy Adams i hovudrollene. Men med noko meir dramatikk og litt mindre feelgood. Likevel er dette ein film eg trur mange vil setje pris på.
Middagsinspirasjonen skaut i taket etter eg hadde sett den, og eg angra at eg ikkje tok frukost før eg gjekk ut døra. Havregrauten verka berre enno meir grå og smaklaust etter denne orgien i and, vin, smør og trøfflar. Eg ser for meg at når Les Saveurs du palais kjem meg i hende seinare i år vil den bli ledsagar på kjøkenet når eg sjølv skal kokkelere, slik Julie and Julia har gjort så mange gangar.
Verdt eit kinobesøk
Franskmennene kan mat, sjarm og film. Denne føyer seg fint inn i rekka av franske favorittar, men utan Depardieu og Binoche, noko eg tykjer er bra. Catherine Frot som speler Hortense Laboire, er ny for meg, men litt nørding på nettet hintar om ei stødig skodespelerkarriere. Ho er no i alle fall plassert på radaren. Jean d’Ormesson speler presidenten, fransk rikskjendis og skribent som mellom anna har vore jurimedlem i Cannes i 1939. Dette er hans første film, men han speler rolla truverdig og bra.
Vel verd eit kinobesøk og skårar høgt på fab-skalaen!