– Vi vil aldri bli eit flinkisband

This content has been archived. It may no longer be relevant

– Musikk skal vere ekte.  Idol for eksempel, er falskt. Dei gjer det ikkje sjølv, og det er så trynefaktor, seier vokalist og gitarist Torgeir Høgheim.

Gutta i Berlingo er opptekne av at musikken skal vere ned på jorda og ekte. Det skal vere rett fram utan masse effektar og “datatull”. Ikkje noko flinkisband med andre ord. Dette er skikkeleg rock med vreng i gitaren og rølpete vokal.

“Ekte musikk” virkar som eit av deira favorittbegrep. Det er tydlege at enkel rock med gitar, bass og trommer er deira definisjon på dette vage, subjektive og ganske arrogante begrepet. Men unge rockarar i opposisjon må nesten bruke store ord og skarpe formuleringar, eller så ville det vel ikkje vore like tøft. Bandet dei fyrst nemner når dei blir spurt om kven dei er inspiret av er The White Stripes. I følgje dei er det svaret på kva som er ekte musikk. Det oppsummerar bra kva greia til Berlingo er. Ikkje noko fancy, ikkje noko pompøst, men nedstrippa og ærleg.

Ambisjonar om platekontrakt

Rockegutta frå Bergen starta som ein duo med Torgeir Høgheim på gitar/vokal og Eirik Wergeland Gundersen på trommer. Duoen fann ut at det kanskje blei litt tynt sound, så i desember fekk dei med seg Kristoffer Georg Nøstdal på bass til ein oppvarmingsjobb for Pogo Pops. Det fungerte så bra at han blei med på fulltid og no har bandet gitt ut ein EP.

Gutta i Berlingo har lite behov for å skryte og har gjort alt sjølv fram til no. Alle som har spelt inn musikk veit at det kan vere mykje arbeid, så litt hjelp av ein produsent kunne dei gjerne tenkt seg.  Vegen vidare har dei ikkje planlagt, men dei har absolutt ambisjonar.

–Draumen er å få platekontrakt og slå igjennom i utlandet.

At dei kjem til å få platekontrakt skal ein ikkje sjå bort i frå. Vi i Studentradioen har lista “Barnevakt” som vekas låt, og vil gjerne høyre meir!

Høyr intervjuet med Berlingo her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/03/Berlingo-intervju.mp3]

 

Anbefalte artikler