– Det viktigaste er å få ut musikken vår

This content has been archived. It may no longer be relevant

Cockroach Agenda frå Fusa utanfor Os er ikkje redde for utviklinga i musikkbransjen. Tidene då ein kunne verte rik over natta på platesalg er forbi, men ungguttane i Thrash-metalbandet går ikkje av veien for å bruke egne pengar, og samtidig tjene lite på musikken.

Metal i MGP og Idol

Dei siste åra har det kvart år sidan 2010 våre eit metalband å sjå i Melodi Grand Prix. Sjølv om ikkje dette er like godt mottatt hos alle fans, er suksessen og merksemda noko som kan hjelpe band som treng publisitet og blest rundt seg sjølve. Liknande tendensar har det vore å sjå innan ulike talentshow, både i inn- og utland, i tråd med at rock og metal gradvis har vorte meir populært enn det var på 90- og tidleg 2000-talet.

Nettopp dette var noko av bakteppet for mitt intervju med dei lovande gutta i Cockroach Agenda. Bandet har gjort seg godt bemerka dei siste åra, og spelt både på Rockefeller og Garage, i samband med ulike prominente metal-festivalar. Samtidig har dei vore med i lokale musikk-konkurransar. Eg måtte spørre bandet om dei kunne ha vurdert å vere med på noko slikt.

– Spørs litt kor stort det hadde vore. Hadde det vore så stort som MGP, hadde det nok blitt litt feil for oss. Musikk er musikk, og det skal egentlig ikkje vere noko konkurranse i det.

Band og dagens musikkbransje

Tidene forandrar seg, og noko av grunnen til at vi i dag har så mange ulike måtar å slå igjennom på, er nettopp internett. Mogelegheita til å kunne laste ned musikk gratis, gjorde at radioavspelingar og platesalg vart ein bagatell økonomisk, over tid. Kva tenkjer gutta frå Fusa om den situasjonen band møter i dag?

– Nei, altså, det viktigaste er at musikken kjem ut og fram til folk, det er jo ikkje så mange som tjener så mykje på musikken uansett, spesiellt ikkje oss som ikkje er så store enda.

Men målet er vel å kanskje kunne leve av det en dag?

Ja, så klart, det hadde vore det kulaste! Men vi har lave forventningar, så vert vi ikkje skuffa.

Cockroach Agenda pose
Cockroach Agenda pose

Høyr del 2 av intervjuet med Cockroach Agenda her:
[Audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/02/Cockroach-Agenda-Intervju-Del-2-TH-FuzZ.mp3]

Speleliste:
Tiger Junkies – We Are Motherfuckers

Clutch – Earth Rocker

Blakk – Velkommen Hjem

Kylesa – Unspoken

Katalepsy – Lurking in The Depth

Evil Invaders – Tortured by The Beast

Fastkill – Die In The Pentagram

Saxon – Sacrifice

High Priest of Saturn – Kraken Mare

Bilete: Cockroach Agenda

Fuzz er di Rock, Pönk og Metallredning på Studentradioen i Bergen, kvar onsdag frå 13-14!!

 

 

Anbefalte artikler