Hotell Cæsar med nye øyne

Anna Sofie og Kristin har sjekka inn på hostellet, og ser alle 3123 episodane av Hotel Cæsar. Dei snakkar seg gjennom kvar episode, og tek opp både stort og smått. Denne podkasten er for deg som helst ville bu på hotellet, men som berre hadde råd til hostellet.

Hør Hostel Cæsar når som helst som podcast!

Siste podcaster

  • #9 Vulgære no-brain venninner
    Det er KAOS på hotellet og hedersgjestene Anna Sofie og Kristin prøver desperat å gjere meining utav det heile, med sånn passe hell. Trekanten har vorte til ein femkant, og det vert litt for mykje matematikk for den sarte HFaren. Den einaste som kan redde oss no er den blide sørlendingen Alex<3
  • #8 Kva skal eg med ein alkoholisert 40-åring?
    Dramatikken stoppar ikkje – utroskap, alkohol og uventa fiendar sjekkar inn på hotellet. Anna Sofie og Kristin er back, back, back again med ein heilt ny episode av Hostel Cæsar.
  • #7 Ikkje lat som om du kan meir enn du kan
    Denne veka er Anna Sofie og Kristin i kvar si kommune, men det hindrar dei ikkje i å spele inn ny episode. Dei må trass alt få med seg korleis det går med restauranten til Jens August, favorittdrinken til Juni og kva som eigentleg er Rolv sitt motiv. Det er kanskje du óg nysgjerrig på?
  • #6 Eit lite ludder frå Drammen
    Georg jobbar framleis for det nye hotellet hans, Rolv og Juni blir berre eklare og eklare, og <3Astrid<3 får meir plass i serien! Jentene i Hostel Cæsar tek deg gjennom episode 19, 20 og 21!
  • #5 Patriark, eller gamal gris?
    I denne vekas såpeopera-augeblikk er Anna Sofie sur på Kristin. Det skjer framleis mykje på Hotel Cæsar om dagen, men jentene i Hostel Cæsar er usikre på om dei vil vera med på alt. Len deg godt attende, og høyr på gjennomgangen deira av ep. 16-18!

[postlist id=106610]