This content has been archived. It may no longer be relevant
Ungdom og Ulydigheit
Alle kan kjenne seg igjen i situasjonen: Du er ung, gjerne i starten av tenåra, og har enda ikkje heilt funne ut av alt her i livet. Noko som ofte appelerar då er det ulovlege, som til dømes alkohol, dop, og skrekkfilm. Og ekstrem musikk. I den siste kategorien er rock og metal ofte godt representert, og dette er vel kanskje ikkje utan grunn, etter artistar som Alice Cooper, Ozzy Osbourne og Twisted Sister, som alle var sjokkerande på 70- og 80-talet. For ikkje å snakke om mannen som truleg starta shock-rock, Screaming Jay Hawkins.
[youtube http://www.youtube.com/watch?v=7kGPhpvqtOc&w=480&h=360]
Marilyn Manson
Men også desse har vorte harmlause med tida, og på 90-talet var Marilyn Manson ein av dei som skremte både unge og gamle. Med sitt angrep på både populærkultur og religion, og tekster om sex og vold, var han utvilsamt forhatt og forrakta av foreldre verda rundt. Nettopp dette var det som gjorde underteikna, som så mange andre ungdomar rundt årtusenskiftet, interressert i artisten. Tekstene, tematikken, ja, heile innpakkinga gjorde at musikken også vart skumlare. Og bedre.
[youtube http://www.youtube.com/watch?v=mdwZV4Y95Nw&w=480&h=360]
I spalta “Likposen” tek vi for oss plater og artistar som kanskje har gått i gløymeboka, men som vi legg vår elsk på, og denne veka er fokuset på albumet “The Golden Age of Grotesque” frå 2003.
Høyr innslaget her:
[Audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/03/Likposen-Torger-om-Marilyn-Manson-TH-Fuzz.mp3]
Speleliste:
Execrable Divinity – Exsanguination Of The Seraphim
David Bowie – The Next Day
Pybanen – Linjet Opp
Marilyn Manson – Vodevil
Ozzy Osbourne – Suicide Solution
Iggy and The Stooges – Burn
All Them Witches – The Urn
Aeternus – The Confusion of Tounges
Alice in Chains – Hollow
Fuzz er di Rock, Punk og Metallredning, kvar Onsdag, frå 13-14, på Studentradioen i Bergen!