Twitter

@Bulldozerne Sommerkroppen 2012; en menneskerett!


Facebook


Jakten på Facebook - en radiodokumentar



Har du mykje sex, drep du regnskogen!


AC Milans Kevin-Prince Boateng er ute av spill igjen grunna skade. Ikkje at Bulldozer bryr seg så mykje om fotball, det var heller grunnen til at denne fotballspelaren er skada som trigga merksemda vår.

Bulldozer Publisert: 27/01/2012 Sist oppdatert: 28/01/2012 18:10

Boateng skal visst nok ha pådratt seg skadane av harde omgongar i sengehalmen saman med modellkjæresten hans. Modellkjæresten, Melissa Satta, har tatt all skyld for skadane og meiner at det å ha sex sju til ti gongar kvar veke er nok grunnen til at Boateng er ute av spill. For nokon høyres vel sex sju til ti gongar i veka ut som gøy og moro, men Bulldozer har komme opp med topp fem grunnar til nettopp kvifor ein ikkje skal ha så mykje sex.

Det var medarbeider Eline Kirkebø som stod for denne vekas Topp 5 i Bulldozer og påstår at ho har gjort god nok research på dette området, samt vore kritisk til kjeldene ho har brukt. Blant denne vekas topp fem grunnar til ikkje å ha så mykje sex kjem Eline med eit utsagn om at hyppig hopping i høyet vil gjere deg sexavhengig. Altså blir ein tilslutt innlagt grunna avhengighet, mistar båe familie og barn, samt ein blir gal. Det er nok mangen som vil stilla seg kritisk til dette, inkludert meg sjølv. Men sidan Eline lova på tru og ære at ho hadde gjort grundig research kan ein ikkje anna enn å tru ho.

Vidare la Eline fram eit punkt i Topp 5, der ho konkluderte med at dersom ein har samleie sju til ti gongar i veka, så er ein med på å skade miljøet. Dersom ein har så mykje sex vil det, i følgje Eline, gå med masse tørkepapir, kondom og eventuelt ekstra bruk av vatn. For kvar gong ein har sex, drep ein i gjennomsnitt omlag 10000 dekar med tre i Amazonas. Igjen stilla eg meg kritisk til Eline sin bruk av kjelder, samt bruken av måleininga dekar. Men eg hadde ikkje hjarte til å kritisere ho og lot det difor dure og gå.

Dette var berre ein oppsummering av to av dei fem fantastiske punkta som Eline la fram i vekas Topp 5 i Bulldozer. Dersom dette trigga merksemda dykkar kan ein laste ned vekas podcast for å høyre dei tre andre utrulige, men nokså utruverdige punkta.

Høyr heile sendinga her

Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.



blog comments powered by Disqus

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern