
Vinnerne av pilotkonkurransen
Studentradioen utlyste i slutten av juli ei offentleg pilotkonkurranse. Juryen har no gått gjennom bidraga, og dei nye programma er klare til sending.
Andreas H. Opsvik · Studentradioen
Publisert: 24/08/2010 Sist oppdatert: 24/08/2010 17:15
«Dei nye programma?». Ja, for det viste seg at det plutseleg var to programpostar ledig — ikkje éin som me meldte om i pilotkonkurranseutlysinga.
Resultatet av pilotkonkurransa var som følgjer:
Radio Eldrebølgen
Radio Eldrebølgen kallar seg sjølv «programmet for deg som savner bestemor». Dei vil ta for seg ulike ting som besteforeldra dine vil like at du har større kjennskap til — som kamferdrops, og gamle ord og utrykk. Radio Eldrebølgen vil gå kvar fredag klokka 12.00.
Homegrown
Homegrown er eit engelsk-språkleg program som kvar veke skal intervjue og rapportere om lokale band i Hordaland og Bergensområdet for å auke kjennskapen til den lokale musikkscena. Anthony og Paul vil køyre halvanna time med Homegrown kvar fredag klokka 12.30.
Aspirantene
I tillegg til dei to vinnarane, var det to, unge lovande radiostemmer som imponerte oss stort med sin pilot. Dei skal få ei vekentleg spalte — Aspirantene — i vårt morgonprogram, Frokostblanding.
Ansvarlig redaktør Marius Kjørmo ynskjer dei nye medarbeidarane velkomen i radioen, og er spent på kva dei kan tilføre studentmassene i Bergen.
Tweet





