
Velkomen til Bergen – kva no?
I desse dagar får alle studentar som skal nytte studietilbod i Bergen eit brev frå Samordna Opptak. Er du ein av dei, og samtidig litt usikker på kva du skal gjere i Bergen til hausten? Vel, eg har eit godt forslag til deg.
Andreas H. Opsvik · Studentradioen
Publisert: 13/08/2010 Sist oppdatert: 15/08/2010 21:31
Har du ein journalist i magen, eller er veldig interessert i lydteknikk, databasar eller alt derimellom? Studentradioen søker nye medarbeidere innen kultur, samfunn, aktualitet, musikk og teknikk!
Studentradioen i Bergen er Bergens eldste lokalradio, og sendar no 114 timar med reklamefri radio ut i eteren. Me satsar på nisjene, og har eigne program om alt frå dataspel til klassisk musikk. Nytt av året er også vår aktualitetsredaksjon som skal ha meir fokus på det siste som skjer i Bergen, Noreg og verda ellers.
Nokre av programma som ser etter nye medarbeidarar er blant anna filmnerdane i Kinosyndromet, nymusikkparadiset Plutopop, dataspelguruane i Hardcore, medieskråblikkbonanzaen Bulldozer, og ikkje minst morgonpreikarane i Frokostblanding. I tillegg vil det vere plass til søknadar om nye programkonsept. I sistnevnte setjast det pris på tidlegare radioerfaring.
Med eit engasjement i Studentradioen får du ikkje berre ei lærerik erfaring i journalistikk og radiomediet, men også ein heil omgangskrets! I tillegg vil du vandre i fotspora til andre norske mediestorheiter som Tore Renberg, Claus Wiese – og ikkje minst, Karl Ove Knausgård.
Dersom du tykkjer det høyrest interessant ut, ta kontakt med vår ansvarlege redaktør – Marius – enten på mail, eller Twitter! Om du allereie er klar for å søkje deg til eit av radioens mange nisjeprogram, så kan du levere søknad her!
Infomøter for Studentradioen vil vere klokka 17.00 den 19., og den 25. august (facebook event-lenkjer) i seminarrom A på Studentsenteret. Følg med på srib.no!
Tweet





