
SriB går inn i sumarmodus
Studentradioen går – som studentar flest – inn i meir eller mindre sumarferie etter kvart som varmen tek til. Resultatet av dette er at nokre program går som avvikling frå den 31. mai.
Andreas H. Opsvik · Studentradioen
Publisert: 03/06/2010 Sist oppdatert: 15/08/2010 21:35
Men det vert like vel ikkje stille på lufta for det! Dei fleste programma er live som vanleg, nokre går i opptaksmodus, medan til dømes Frukostblanding tek fullstendig ferie og vert erstatta av Morgonmusikk.
Dersom du mot formodning ikkje skulle få inn SriB – om du er i Syden eller andre ikkje-bergenske stader, kan du nytte sjansen til å fylle opp din foretrukne musikkspelar med podcasts frå våre program. Podcastar av dei fleste programma våre kan du finne på srib.no/podcast. Dersom du lurar på korleis du best organiserar nedlasting – td. gjennom iTunes – kan du lese artikkelen vår om podcasting. Mogelegheitene er uendelege!
Studentradioen i Bergen er tilbake med ordinære sendingar tysdag 16. august, og me håpar du høyrer på oss då óg.
(Bilde: One day last summer av Lida Rose)
Tweet




