
Phonofestivalens program — radiokafé, kunst og kultur!
I samanheng med Phonofestivalens opning vil Skumma Kultur halde radiokafé på Kvarteret i dag. Temaet er Kløft — i alle formar, variantar og fasongar.
Andreas H. Opsvik · Studentradioen
Publisert: 06/09/2010 Sist oppdatert: 09/09/2010 11:20
Radiokaféen vil bli avholdt i Tivoli på Kvarteret, og Kvarteret ellers vil vere fullt av Phonofestivalarrangement! Dagens Phono-program er nemleg fullstappa.
Prøverommet
Studentradioens radiokafé samanfaller med Prøverommets sesongopning. PrøveRommet er ei multikulturell hending som tek stad annankvar måndag i sesongen til BIT Teatergarasjen.
Denne gongen er det blant anna presentasjon av festivalkunstnar Klara Sofie Ludvigsen sine kunstverk — som under festivalen vil bli utstilt på Kafé Knøderen
Ellers lagar Prøverommet ei utstilling med bileter av kløft, og vil ha ei kopimaskin tilgjengeleg på Kvarteret for dette høvet!
Kulturdebatt
Det vert også ein debatt om kultur og kløfter med Malin Barth, daglig leder ved Galleri 3,14, Aksel Kielland fra Bergen Filmklubb og Gro Jørstad Nilsen, litteraturanmelder i BT.
I tillegg kjem Immaturus for å snakke om sitt skodespel, «Kløft deg litt ned», Eline Hansen skal bidra med opplesing, og Karoline Skuseth presenterer ei ny fanzine.
Om du ikkje kjem deg til radiokaféen kan du óg høyre den på FM107,8/96,4 i Bergensområdet eller nettradioen vår.
Konsertar
Alt dette på Kvarteret frå klokka 20.00 og utover. På konsertfronten vil Go Fandango!, Autonomia og Øzz spele musikk heile kvelden. Sjå programmet til Phonofestivalen her
Phonofestivalen har sitt utgangspunkt i Studentradioen i Bergen (SriB) og dets 25 år lange levetid som lokalradio og som musikk-, samfunns- og kulturarrangør.
Tweet





