Onsdagskåseriet – og mange andre program – som podcast
Med Studentradioens nye satsing, Frokostblanding, har det også komt fleire nye spalter. Onsdagskåseriet kjem no óg i podcastform!
Onsdagskåseriet
Onsdagskåseriet er den faste kåserispalta til SriB der Andreas H. Opsvik og John-Aksel Haukanes vekslar på å ytre tankelause tankar i ei tankefull tid. Laust, mindre laust, passe fast og ganske så faste ting vil bli inn- og utdiskutert til det knapt er fleire trivielle ting å trivialisere over. Kva med pompøs nakenheit, til dømes?
Også andre spalter vil etter kvart dukke opp på podcastsidene våre:
Tursokk
Tursokk er ei sportsspalte som Studentradioen gjer i samarbeid med Bergen Student-TV. Kvar veke testar Tursokk ein ny studentidrett, med vekslande hell. For eksempel kan du til dømes sjekke ut samlepodcasten med samtlege Tursokkar frå vårt tidlegare sportsprogram Gymsokk, eller då me i samarbeid med BSTV testa hardtslåande rugby.
Fredags-Frank
Har du ikkje fulgt med i nyheitene denne veka? Fortvil ikkje, for det har Frank Aarebrot gjort. I Fredags-Frank oppsummerar Frank det viktigaste som har skjedd på samfunnsfronten den siste veka, måtte det vere jordskjelv i Haiti eller Mette-Marits forvridde halskvervlar!
RSS
Dersom du vil legge inn eit og eit program manuelt fungerar dette i seg sjølv heilt greit. Einaste bakdelen er sjølvsagt at du må hugse å gå inn på sidene og velje kvart enkelt program. Med RSS blir det lettare. RSS er – enkelt sagt – automatiske oppdateringar kvar gong nyheiter oppdaterar seg.
Podcast.srib.no er samleportalen for alle podcastane til SriB. Her finn du samtlege podcastbare program frå våre fire redaksjonar i fine RSS-feeds.
Det er mange måtar ein kan nytte desse RSS-filene på for å få dei regelmessig lasta ned til din datamaskin eller foretrukne musikkavspiller. Tidlegare har me skrive ein artikkel om korleis ein kan abonnere på SriB-podcasts.







