Ukas Låt

Passion Pit
Take a walk

Ukas Album

Ukas album - <h5>The Brian Jonestown Massacre</h5> Aufheben

The Brian Jonestown Massacre
Aufheben

Twitter

@srib — Jeg er absolutt Supermann. Hver mandag morgen sniker jeg meg inn i supermanntrøyen. Jeg har også fotografisk...


Facebook


Ny sendeplan og nye programmer


Med det nye sendeskjemaet som trer i kraft den 11. januar får Studentradioen i Bergen óg nokre nye program, heile åtte! Her følgjer ein kort presentasjon av desse programma.

Andreas Hadsel Opsvik · Studentradioen
Publisert: 07/01/2010 Sist oppdatert: 25/01/2010 12:27

Med det nye sendeskjemaet som trer i kraft den 11. januar får Studentradioen i Bergen óg nokre nye program, heile åtte! Her følgjer ein kort presentasjon av desse programma.

Lydsjekk

Lydsjekk er eit portrettprogram som kvar veke skal ta for seg ein musikkpersonlegheit. Med intervju, godsnakk og musikkfavorittar skal Lydsjekk hjelpe til med å skape eit bilete av denne personen. Sjå fram til mange bergenske, norske og besøkande musikknamn, kvar sundag klokka 12, og i reprise samme dag klokka 23.

På Lærarrommet

Var du av dei som alltid lurte på korleis det var på lærarrommet? Eller er du ein av dei som held til der på meir eller mindre fast basis? I På Lærarrommet tek dei for seg alt som blir sagt på eit hvilket som helst lærarrom, enten det er surmagra ungdomshat, eller debatter om gulost eller brunost på matpakka. Kvar sundag klokka 10!

Speilkulen

Speilkulen blir Studentradioens diskoprogram. Med hovudfokus på musikken skapar Speilkulen ein times groovy stemning kvar torsdag klokka 13, og i reprise laurdag ved midnatt!

Klassisk avsporing

I alt det moderne kjas og mas er det diverre litt for lite plass til den klassiske musikken. Dette har Klassisk Avsporing planlagt å gjere noko med. Med eit historisk blikk bakover frå middelalderen til nyare, klassisk musikk, samt innblikk i dei moderne konsertscenene i Bergen skal Klassisk Avsporing gi deg det beste frå den klassiske musikkverda kvar tysdag klokka 10, og i reprise sundag klokka 22.

Hodgepodge

Hodgepodge er det engelske ordet for samling eller rot, og det er den internasjonale “melting pot” som er grunnlaget for dette programmet. Som radioens einaste engelskspråklege program skal dei ta for seg nyheiter, kultur og samfunnsdebatt frå kulturar over heile verda! Kvar måndag, klokka 12.

Avantgarden

Avantgarden tek for seg dei progressive innanfor kulturen, dei som skapar nye stiar og sjangrar innan musikk, kunst og alt derimellom. Programmets avantgardistar ser både framover, på jakt etter nyskaparar, og dei tek for seg dei som tidlegare dytta smaken foran seg. Avantgarden held vakt kvar fredag klokka 11.

Asosialistisk Venstreparty

Denne gjengen leverar deg populærkultur med halvpolitisk vinkling. Aktuelt stoff om det som har skjedd siste veka med eit kjønnsperspektiv. Politimester i Bergen hevda at det ikkje kunne vere ei kvinne som ødela Pepperkakebyen! Kvifor ikkje? Alt dette og meir til, kvar onsdag klokka 11.

Frokostblanding

Frokostblanding er dagens viktigaste lyttemåltid. Med aktuelle gjestar, nyheiter og jamnleg oppdatering frå verda, Noreg og Bergen gir me deg den beste mogelege starten på studentdagen alle kvardagar mellom 8 og 10.

Les meir om konsesjonane, Frokostblanding og nye sendetider.




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.



  • Spennende

    Gratulerer SRIB!

    og disse nye programmene virker utrolig spennende. Jeg gleder meg!

blog comments powered by Disqus

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern