Korleis abonnere på SriB-podcasts?
Studentradioen i Bergen har ei podcast-teneste på podcast.srib.no. Det er mange måtar å abonnere på denne tenesta på, til forskjell frå å berre høyre på dei i nettlesaren din!
Dersom du vil legge inn eit og eit program manuelt fungerar dette i seg sjølv heilt greit. Einaste bakdelen er sjølvsagt at du må hugse å gå inn på sidene og velje kvart enkelt program. Med RSS blir det lettare. RSS er – enkelt sagt – automatiske oppdateringar kvar gong nyheiter oppdaterar seg. Det er mange måtar ein kan nytte desse RSS-filene på:
I nettlesaren din
Dei fleste nettlesarar har ein form for RSS-lesar. Enten du har Firefox, Safari, Opera, eller (gudforby) Internet Explorer. Du kan abonnere ved å gå til podcast.srib.no og trykke på RSS-knappen til høgre. Desse vil då dukke opp som oppdateringar du kan laste ned i nettlesaren din.
I iTunes
iTunes er eit program for Windows og Mac, popularisert gjennom veksten til Apple og iPoden. Dette er hakket meir avansert. I staden for å venstreklikke på RSS-knappen, høgreklikkar du i staden, og veljer noko som tilsvarar “Copy Link Location” eller “Kopier lenkeadressen”. Gå så til iTunes, velg “Avansert” i toppmenyen og så “Abonner på Podcast”. Du vil få opp eit lite vindauge, lim inn linken her (Ctrl+V/Eple+V).

No skal podcastane du abonnerer på dukke opp automatisk kvar gong du startar opp iTunes. I tillegg er nokre av podcastane til SRiB allereie i iTunes-biblioteket (og stadig fleire blir lagt til). Søk etter SRiB for å finne alle!
I Miro
Miro er eit program tiltenkt nedlasting av både lyd- og video-podcasts. Programmet eksisterar for Mac, Windows og Linux.
Høgreklikk på RSS-knappen til det programmet du ynskjer å abonnere på, og vel noko som tilsvarar “Copy Link Location” eller “Kopier lenkeadressen”.
I Sidepanel-menyen i Miro vel du Ny kilde (Ctrl+N / Eple+N), og limer inn RSS-linken. Då skal programmet laste ned filene automatisk etter kvart som nye filer kjem.

I Songbird
Songbird er eit program som liknar veldig på iTunes, også dette eksisterar for Windows, Mac og Linux.
Høgreklikk på RSS-knappen til det programmet du ynskjer å abonnere på, og vel noko som tilsvarar “Copy Link Location” eller “Kopier lenkeadressen”.
I Fil-menyen i Songbird vel du “Nytt abonnement”, og limer inn RSS-linken. Då skal Songbird laste ned filene automatisk etter kvart som nye filer kjem!

Alle SriB sine podcast-linkar
Dette er podcastlinkane til alle SriB-program som til no har lagt ut podcasts:
Akademia: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss26
Bulldozer: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss24
Fuzz: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss15
Gutter er gutter: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss5
Gymsokk: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss10
Hardcore: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss9
Jazzonen: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss3
Kinosyndromet: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss4
Mir: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss23
Soft Science: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss28
Undikken: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss29
Vatikanet: http://podcast.srib.no:8080/Podcast/PodcastServlet?rss27







