
Frokostblanding og nye sendetider
Frå 1. januar får Studentradioen i Bergen ny konsesjon, og såleis nye sendetider. Med dei nye sendetidene, kjem også ei ny sendeflate: morgon og formiddag. For oss er denne omlegginga viktig!
Øyvind Lysebo Ekelund og Andreas H. Opsvik · Studentradioen
Publisert: 26/12/2009 Sist oppdatert: 07/01/2010 15:42
Frå 1. januar får Studentradioen i Bergen ny konsesjon, og såleis nye sendetider. Med dei nye sendetidene, kjem også ei ny sendeflate: morgon og formiddag. For oss er denne omlegginga viktig!
Dette fører til mykje nytt for oss, og for lyttarane våre. Me vil endeleg sende i radioens prime time, med ordinære sendingar frå klokka 07 til 14 kvar dag. Fredag og laurdag kveld kan du også varme opp til kvelden med Studentradioen sine musikkprogram frå klokka 21 og utover. Mellom 21 og 06 alle dagar vil me dessuten sende repriser av våre eigne program, samt Creative Commons-lisensierte program. Dette førar til eit auke frå 29 til over 100 timar med Studentradio i veka.
Frokostblanding
Programma me allereie har vil fordele seg jamnt ut over sendeflata mellom 10.00 og 14.00 kvar dag, frå me startar ordinære sendingar den 11. januar. Frå denne måndagen vil Studentradioen óg starte eit nytt program: Frokostblanding. Frokostblanding vil gi deg ein roleg start på dagen med ei lett oppdatering på verda rundt deg, samt god musikk; kvar vekedag frå 8.00 til 10.00. Fullstendig sendeskjema vil vere tilgjengeleg frå midten av desember!
Konsesjonsforhandlingar
Dei nye sendetidene kjem av lang tids konsesjonsforhandling for Studentradioen i Bergen. Etter nyttår vert me endeleg hovedkonsesjonær for Bergen sin nisjefrekvens, noko me har venta lenge på. Denne konsesjonen deler me med ei gruppe andre nisjekanalar, som Radio Arbeidet, Radio Arco Iris, Radio Tamil, Radio Voz Latina og Radio Puddefjord.
Tilgjengelegheit
Me vil frå 1. januar ha to sendarar for å dekke Bergensområdet. Frekvensane på FM-bandet vil vere 96,4 og 107,8. For lyttarar i og utanfor Bergen er me sjølvsagt óg tilgjengelege på vår nettradio.
Studentradioen i Bergen håpar utvidinga vil føre til auka kjennskap for våre program og ein enda større lyttarskare!
(Bilde: breakfast squared circles av Michael Sarver)
Tweet





