
Den nye studentradiodagen
Meir logiske sendeplanar, utvida kveldar og nye program. 2012 startar friskt!
Andreas H. Opsvik · Studentradioen
Publisert: 06/02/2012 Sist oppdatert: 06/02/2012 14:29
Måndag 6. februar trer nytt sendeskjema i kraft! Fleire av programma våre får sendetidene omrokkerte, og det er óg nokre nye program på planen.
Logisk sendeskjema
Sendeplanen fungerar slik at om du likar det du høyrer tysdag klokka 10.00, så skal du mest sannsynleg like det som hender torsdag klokka 10.00. Det same gjelder utover i dagen!
Kvar dag går nokon lunde som følgjer:
- Frokostblanding: 08.00 – 10.00
- Humor og lett underholdning: 10.00 – 11.00
- Djupare kultur- og samfunnsprogram: 11.00 – 12.00
- Snevrere kultur og samfunnsprogrammer 12.00 – 13.00
- Musikkprogrammer 13-14
Utvider kveldene
Tidlegare har me hatt musikklause versjonar av programma våre på kveldane i vekedagane. No vil me ta hensyn til dei 20% som ved førre undersøkjing seier at dei høyrer på radio på kvelden, og sender fulle program etter klokka 21.00 kvar kveld, heile veka! Kvar kveld er prega av eit tema, og har samla program innanfor det temaet: Humor-mandag, kulturtirsdag, nerdeonsdag, samfunnstorsdag og musikk heile helga!
Frå midnatt kvar kveld sender me podcastversjonar av programma våre. Dei kan óg lastast ned frå podcastsidene våre.
Nye program
Frå eigne og andres rekker har me rekruttert og fått fram fem nye program til Studentradioen i Bergen. Desse er:
- Fasjonabel: Eit moteprogram som går sundagar klokka 11.00
- Nytelse: Eit forbrukerretta hedonistprogram på sundagar klokka 12.00
- Undergrunnen: DJ-program kvar fredag klokka 21.00
- God Gli: Medisinerstudentenes Seksualopplysning opplyster studentar kvar torsdag klokka 10.00
- Nyhetsuka: Få veka oppsummert kvar fredag klokka 10.00
- Emomandag: Slit du med mandagsangsten? Få den vekk allereie klokka 10 mandagsmorgonen.
Me håpar no at det er noko interessant for alle på radioen, og at det er stadig lettare å få med seg noko ein kan like. Ha ein flott radiodag!
(Bilete: Radio Free Strawberry av Alan Levine via Creative Commons BY 2.0)
Tweet





