Podcast


Fleire artiklar frå dette programmet

Ukas Låt

Beach House
White Moon

Ukas Album

Ukas album - <h5>Vinnie Who</h5> Then I Met You

Vinnie Who
Then I Met You

Twitter

@srib Høyr på oss om eit kvarter på FM107,8/96,4 eller nettradioen på srib.no for godsaker om Godard, Salt og Maos siste...


Facebook


Venner

Behald Radio Revolt


Kyrkje- og Kulturdepartementet (KKD) bestemte seg før helga for å ta konsesjonen frå Radio Revolt – Studentradioen i Trondheim – og gi den til SBS, som eig Radio1 og Radio Norge. Studentradioen i Bergen reagerar på måten saksbehandlinga er framskynda på, og årsakane til at Radio Revolt har mista sin konsesjon.

Andreas H. Opsvik · Studentradioen
Publisert: 27/10/2009 Sist oppdatert: 28/10/2009 15:17

Kyrkje- og Kulturdepartementet (KKD) bestemte seg før helga for å ta konsesjonen frå Radio Revolt – Studentradioen i Trondheim – og gi den til SBS, som eig Radio1 og Radio Norge. Studentradioen i Bergen reagerar på måten saksbehandlinga er framskynda på, og årsakane til at Radio Revolt har mista sin konsesjon.



Fleire medier meldar at saksavgjersla vart framskynda for at saken skulle bli ferdiggjort før Giske gjekk av som kulturminister: – Slik det verkar på oss etter å ha teke kontakt med departementet, kan det verte som om dei ikkje har vore ferdige med saksbehandlinga, men like vel ynskja å få den ferdig før Giske gjekk av. Me er redd for at det ikkje er teke hensyn til den opprinnelege søknadsteksten. Det står at det skal vere ei heilheitleg vurdering, og ikkje berre lokale minutt, skriv Universitetsavisa i Trondheim.

For det er nemleg desse lokale minutta som har vorte avgjerande. SBS har i sin søknad skilta med 19 minutter meir lokalt redaksjonsstoff enn Radio Revolt, noko som har blitt trukke fram som det viktigaste for KKD si avgjersle.

Resultatet av dette er at Radio Revolt – Europas einaste døgnkontinuerlege studentradio – mest sannsynleg blir teken av lufta 1. januar. Dei har fleire alternativ (som dei sjølv listar opp her), men som eit generelt trekk førar desse alternativa enten til større utgifter eller mindre utbreiing. Framtida er uviss for Radio Revolt.

- Eg reagerar med sjokk og vantru over korleis heile saksgangen har vore, og at det siste kulturministeren gjer før han tek hatten sin og går er å frata oss konsesjonen for å heller gi den til Radio1, når Medietilsynet meinte at me hadde den beste søknaden, seier Sjur Sandsgrind, ansvarleg redaktør i Radio Revolt.

Medietilsynet, fagorganet som i første omgang delar ut konsesjonane for radio og TV, gav allereie for eitt år sidan konsesjonen til Radio Revolt, til trass for at Radio1 hadde fleire minutter med lokalt innhaldsstoff. Men grunna klagesaker frå bl.a. Radio1 og Adressa Radio (som båe mista sine konsesjonar), gjekk saka vidare til KKD. Og resten er historie.

Øyvind Lysebo Ekelund, ansvarleg redaktør i Studentradioen i Bergen, er einig med Sandsgrind: – Ei avgjersle som dette gjer til at eg byrjar å lure på kva Kyrkje- og Kulturdepartementet eigentleg ynskjer med lokalradiokonsesjonane. Skal dei gå til faktiske lokale aktørar som Radio Revolt, eller skal dei gå til nasjonale, kommersielle kanalar som ynskjer å sende på lokalfrekvensane? Tek ein konsesjonen frå stasjonar som Revolt på denne måten kjem det til å drepe mangfaldet i radio-Noreg, og sånn eg ser det er det ikkje nokon tvil om at Radio Revolt er i stand til å dekkje lokalnyhender i Trondheim på ein heilt anna måte enn for eksempel Radio 1 kan.

Studentradioen meiner at ein i saker som dette bør late fagorgana bestemme, og ikkje late politikarar og byråkratar bestemme lokalradiokonsesjonar ut frå hypotetiske tal, nummer og minutt.



Dersom du vil støtte Radio Revolt i denne saka, er Facebook-gruppa Anniken, behold Radio Revolt eller bloggen Behold Revolt ein god stad å byrje.




Om ei veke setjast Studentradioen i Bergens hjarteborn, Phonofestivalen, i gang. Du kan lese meir om det på nettsida deiras. Vil du vere frivillig, send ein mail til frivillig@phonofestivalen.no.


Anbefalinger fra Facebook



3 tilbakemeldinger på “Behald Radio Revolt”


Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Marius Kjørmo

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern