Ukas Låt

Passion Pit
Take a walk

Ukas Album

Ukas album - <h5>The Brian Jonestown Massacre</h5> Aufheben

The Brian Jonestown Massacre
Aufheben

Twitter

@srib Truls Svendsen på Gullruten: «Øynene dine sier at dette er til personlig bruk. Er du fra Studentradioen?»


Facebook


Storbritannia to veker før valet


Det nærmar seg val i Storbritannia, og i den samanheng tek Utanriksmagasinet Mir ein kikk på kva som går føre seg hos våre naboar i vest. Me får høyra nyvald leiar i Venstre, Trine Skei Grande, uttala seg om den vanskelege situasjonen Venstre sitt britiske søsterparti Liberaldemokratane er i, før me rettar blikket mot Nord-Irland og fredsprosessen der. Vidare får me høyra om eit av dei store sosiale problema i Storbritannia, nemleg analfabetisme.

Åsgeir Kjetland Rabben · Utenriksmagasinet Mir
Publisert: 23/04/2010 Sist oppdatert: 23/04/2010 17:27

Det nærmar seg val i Storbritannia, og i den samanheng tek Utanriksmagasinet Mir ein kikk på kva som går føre seg hos våre naboar i vest. Me får høyra nyvald leiar i Venstre, Trine Skei Grande, uttala seg om den vanskelege situasjonen Venstre sitt britiske søsterparti Liberaldemokratane er i, før me rettar blikket mot Nord-Irland og fredsprosessen der. Vidare får me høyra om eit av dei store sosiale problema i Storbritannia, nemleg analfabetisme. Me blir også introduserte for den nye spalte i Mir – teknologi og politikk – som denne veka handlar om malaria.


I skuggen av Labour og Conservatives

Det tredje største partiet i Storbritannia har lenge vore det liberaldemokratiske partiet. I val etter val har dei blitt underrepresenterte i parlamentet samalikna med kor mange stemmer dei har fått. I år ser det likevel ut til at dei kan ha ein moglegheit til å koma i maktposisjon i Westminster. Kva kan norske Venstre læra av liberaldemokratane? Andreas Roaldsnes snakkar med Trine Skei Grande for å finna ut av det.
Les meir

Forsoning i Nord-Irland?

I mange tiår var Nord-Irland det mest valdsutsatte og militariserte området i Vest-Europa. Etter fredsavtalen i 1998 har det sett betre ut, men framleis er samfunnet djupt splitta. Dette kjem mellom anna til synes under parlamentsvala, der både katolikkar og protestantar vender seg mot ulike politiske ytterkantar. Me får høyra Åsgeir Kjetland Rabben snakka med post doktor Sissel Rosland om kor mykje valordning og parlamentarisk system har hatt og framleis har å seia for den politiske situasjonen i Nord-Irland.

Skriveudyktige engelskmenn

Storbritannia slit med mange sosiale problem. Eit av dei er at andelen av befolkninga med lese- og skriveproblem er urovekkjande høg, noko som igjen er med på å å forsterka fleire andre problem. Kvifor det er slik og korleis ein best kan gjera noko med det har Hildegunn Maria Haanes Ruseth prøvd å finna ut ved å snakka med Katie Ives, som er lærar i eit vanskelegstilt område av London.

Sjukdom og teknologi

Sidan malaria vart utrydda i Europa har støtta til internasjonal forsking på sjukdomen nesten forsvunne. Når Afrika indirekte mistar 13 milliardar dollar kvart år grunna denne sjukdomen er det tydeleg at me her snakkar om eit problem som treng større merksemd. Vår relativt nye medarbeidar Aslak Rødder tek tak i nettopp denne dagsaktuelle problemstillinga.


Utanriksmagasinet Mir kan du høyra kvar torsdag frå klokka 10 til 11 på Studentradioen i Bergen. Kvar veke kan du høyra utanrikspolitiske analyser, kulturelle reportasjar og diskusjonar om ukjende eller kjende problemstillingar i verda. Gjekk du glipp av vekas sending? Den kan du høyra i reprise her, eller du kan lasta ned podcasten vår.


Kommentarar til sendinga til umir@srib.no




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.



blog comments powered by Disqus

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern