Podcast

Lage radio?

Vil du være med i radioen?

Send inn en søknad

Twitter

Studentradioen har tekniske problemer i dag, men frykt ikkje: Det er nok av repriser og podcasts! http://bit.ly/9XYX6u 4 hrs ago



Sendeplan


Tirsdag


Onsdag


Torsdag


Fredag


Lørdag


Søndag


Nyheter


Repriser

Hjem

Ukas Album

Ukas album - Bergen Mandolinband - Til Skogen

Bergen Mandolinband - Til Skogen

Ukas Låt

Sharon Jones and the Dap Kings - I Learned the Hard Way



Kontakt

Lenker

Phonofestivalen 2009-logo

Facebook

Obamas første år – Kva sit me att med?

Utanriksmagasinet Mir denne veka handlar om USA og Obama sitt første år som president. Blir det representativt for framtida? Me har snakka med Anders Romarheim ved senter for forsvarsstudier for å finna ut av dette. Me skal òg sjå på suppleringsvalet i Massachusetts, og bli introduserte for lobbyverksemd i USA.

Men aller først i sendinga tek me ein uformell runde i studio der alle våre medarbeidarar skal prøva seg som spåmenn som ser inn i utanriksåret 2010.  Dagsavisen har kvart år ein konkuranse om kven som kan spå det nya året best, og i år som i fjor var det mange utanriksspørsmål om alt fra Thorbjørn Jagland til Tanzanias president.

Val i Massachusetts

Fredrik Sagafoss forklarar kva som har skjedd i Massachusetts og korleis det vil få dramatiske konsekvensar at republikanarane vann dette valet slik at demokratane ikkje lenger har det viktige 60%-fleirtalet i Senatet. I kor stor grad er dette eit frampeik mot mellomvalet i november?
Les meir om det kritiske valet her

Lobbyverksemd i USA

Til alle tider har personar med gode kontaktar i Washington blitt hyra av bedrifter og interesseorganisasjonar for å prøva å påverka kongressmedlemma i deira avgjerdsler. Næringslivet er også ofte med på å gi økonomiske midlar til valkampanjar og anti-kampanjar mot utvalde politikarar. Mir har intervjua Lars Svåsand ved UiB for å finna ut meir om dette fenomenet.

Obama sitt første år som president

Mannen som skulle forandra USA, og dermed verda, har i desse dagar hatt makta i nøyaktig eitt år. I eit lengre intervju i to deler får me høyra Anders Romarheim leggja ut om oppturar og skuffelsar i det første året av Obama sitt presidentskap. Kva vil bli hugsa? Det globale diplomatiske klimaskiftet, det mislukka forsøket på å samla det politiske USA eller krøniken om helsereforma?
Intervju med Anders Romarheim om Obamas første år

Utanriksmagasinet Mir kan du høyra kvar torsdag frå klokka 10 til 11 på Studentradioen i Bergen. Kvar veke kan du høyra utanrikspolitiske analyser, kulturelle reportasjar og diskusjonar om ukjende eller kjende problemstillingar i verda. Gjekk du glipp av vekas sending? Den kan du høyra i reprise her, eller du kan lasta ned podcasten vår.



Skrevet av Åsgeir Kjetland Rabben, Mir - RSS


Del med verden!: facebook twitter identica nettby kudos


Lignende artikler



Bli den første til å kommentere denne saken!

Legg att ein kommentar

Til toppen



Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Øyvind Lysebo Ekelund


Meir om SRiB

Kontakt

Telefon

55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Postadresse

Studentradioen i Bergen
Parkveien 1
5007 Bergen

Besøksadresse

Parkveien 1 5007 Bergen


Kontaktskjema

Om siden

SRiB.no, drive av Wordpress, designa av Tanketom, hosta av Fribyte.

Intern