
Høgre-venstre-aksen – relevant i dagens politikk?
Kan me framleis nytta høgre-venstre-aksen til å orientera oss i dagens politiske landskap? Og kor viktig er ideologi for at me skal kunna ha fungerande demokrati? Høyres Torbjørn Røe Isaksen svarar oss frå Stortinget, og Lars Svåsand frå UiB kjem i studio.
Åsgeir Kjetland Rabben · Utenriksmagasinet Mir
Publisert: 30/04/2010 Sist oppdatert: 01/05/2010 20:03
I kor stor grad kan me nytta høgre-venstre-aksen til å orientera oss i dagens politiske landskap? Utanriksmagasinet Mir tek i dag opp nett denne problemstillinga.
Til å hjelpa oss får me stortingsrepresentant for høgre, Torbjørn Røe Isaksen med oss på telefon, og me får besøk av professor Lars Svaasand ved UiB i studio. Me får også veta kor nemningane «høgre» og «venstre» i politikken stammar frå, og me får høyra kva for eit forhold den jamne akademikar ved UiB har til høgre-venstre-aksen i politikken. Vekas spalte handlar om arv og identitet.
Utanriksmagasinet Mir finn du på iTunes
Kva tyder «høgre» og «venstre»?
Vår reportar Fredrik Sagafoss gir oss ei innføring i korleis desse nemningane har å gjera med hendingar i samband med den franske revolusjonen. Me får også høyra korleis innhaldet orda har endra seg og i dag ikkje tyder det same i alle deler av verda.
Vox doctori
Akademikaren i gata får denne veka høve til å plassera seg sjølv på høgre-venstre-aksen og ytra si meining om korvidt denne aksen er nyttig å orientera seg etter i politikken. Vår medarbeidar Aslak Rødder snik seg inn på tilfeldige kontor på UiB og overraskar djupt konsentrerte realfagsprofessorar med politiske spørsmål.
Eksperthjelp
Dei til vanleg så einsame programleiarane får besøk i studio av professor Lars Svaasand ved institutt for samanliknande politikk ved UiB, som hjelper til med å klara opp i spørsmål kring høgre-venstre-aksen sin relevans for dagens stridsspørsmål. Og er ideologisk forankra parti nødvendig for at me skal kunna ha eit fungerande demokrati?
Med oss på telefon frå Stortinget får me høgre-politikar Torbjørn Røe Isaksen som til dagleg har hendene fulle med nettopp desse probemstillingane. I den samanheng transformerer me oss midlertidig til eit innanriksmagasin og tek turen innom den norske politiske debatten.
Slektsarv
I vekas spalte om Arv og identitet ser Hildegunn Maria Haanes Ruset på kor mykje av identiteten vår som heng igjen på våre forfedres slåttemarker. Til å hjelpa seg med det får ho norsk-amerikanske Deborah Breberg, kjent frå fjernsynsruta i samband med programmet «Alt for Norge».
Utanriksmagasinet Mir kan du høyra kvar torsdag frå klokka 10 til 11 på Studentradioen i Bergen. Kvar veke kan du høyra utanrikspolitiske analysar, kulturelle reportasjar og diskusjonar om ukjende eller kjende problemstillingar i verda. Gjekk du glipp av vekas sending? Den kan du høyra i reprise her, eller du kan lasta ned podcasten vår.
Kommentarar til sendinga kan du senda til umir@srib.no
Tweet






