Ukas Låt

Passion Pit
Take a walk

Ukas Album

Ukas album - <h5>The Brian Jonestown Massacre</h5> Aufheben

The Brian Jonestown Massacre
Aufheben

Twitter

@srib Truls Svendsen på Gullruten: «Øynene dine sier at dette er til personlig bruk. Er du fra Studentradioen?»


Facebook


Har me sett slutten på konfliktane på Balkan?


I Haag pågår for tida ein av dei siste, men likevel mest betydningsfulle rettssakene i etterkant av krigsbrotsverka under krigane i det tidlegare Jugoslavia. Radovan Karadzic er tiltalt for brot mot menneskeslekta, me intervjuar ein av forsvararane hans, Jan Heftye Blehr. Me tek for oss Jugoslavia si historie for å finna ut kvifor hatet mellom dei etniske gruppene på Balkan har vore så stort. Og kor store spenningar er det i regionen i dag? I vekas spalte ser me på retten til å søkja si eiga historie.

Åsgeir Kjetland Rabben · Utenriksmagasinet Mir
Publisert: 19/03/2010 Sist oppdatert: 23/04/2010 17:17

I Haag pågår for tida ein av dei siste, men likevel mest betydningsfulle rettssakene i etterkant av krigsbrotsverka under krigane i det tidlegare Jugoslavia. Radovan Karadzic er tiltalt for krigsbrotsverk. Me intervjuar ein av forsvararane hans, Jan Heftye Blehr. Me tek for oss Jugoslavia si historie for å finna ut kvifor hatet mellom dei etniske gruppene på Balkan har vore så stort. Og kor store spenningar er det i regionen i dag? I vekas spalte vert det diskutert om alle har like stor rett til å definera si eiga historie, eller om dette skal vera forbeholdt berre ei lita gruppe utdanna vitskapsfolk.

Utenriksmagasinet Mir på iTunes

Arven etter imperia

Balkan er etnisk sett ein av dei mest fragmenterte regionane me finn i Europa i dag. Heilt sidan Romarriket vart delt i to i 385 e. Kr. har halvøya vore i skjeringspunktet mellom ulike stormakter og imperium, og både Austerrike-Ungarn og det ottomanske imperiet har satt kulturelle spor som framleis er svært synlege. Også ei dramatisk historie under andre verdskrigen var med på å forma dette samfunnet som på 1990-talet braut saman under trykket av den veksande nasjonalismen. Andreas Roaldsnes ser nærare på dette i eit intervju med historikar og balkan-ekspert Svein Mønnesland fra Universitet i Oslo.

Krigsforbrytar for retten

Nokre dei mest øydeleggjande og brutale hendingane som utspelte seg under krigane på Balkan på 90-talet gjekk føre seg i Bosnia. I ein kamp mellom etniske grupper om å sikra seg kontroll over størst mogleg landområde vart det utført ufattelge krigsbrotverk som enno er ei betent sak landet. Rettssakene pågår framleis i krigsforbrytartribunalet i Haag, og i desse dagar står Radovan Karadzic, ein av dei mest berykta militære og politiske leiarane på tiltalebenken. Åsgeir Kjetland Rabben har sett nærare på saka og snakka med ein av forsvararane til Karadzic, Jan Heftye Blehr.

Dagens situasjon

Det som fram til 1991 utgjorde den sosialistiske føderasjonen Jugoslavia er i dag oppdelt i sju suverene statar. Framleis snakkar enkelte om ytterlegare oppdeling og nye grensedragningar. Kor stor er sjansen for at me i dag enno ikkje har sett slutten på oppdelinga av regionen? For å finna ut av dette har Fredrik Sagafos snakka med professor ved universitetet i Beograd, Ljubisa Rajic, som er ein aktiv samfunnsdebattant i Serbia, og som for mange i Noreg er kjent som stemma frå Beograd under Kosovokrigen i 1999.

Kven skriv historia vår?

Nasjonalistleiarar på Balkan dreg ofte fram historia som forklaring på kvifor akkurat deira folkegruppe har ein spesiell rett til eit landområde. I vekas spalte ser Hildegunn Maria Haanes Ruset nærare på kven som påberobar seg retten til å skriva den offisielle versjonen av historia vår. Som eksempel nyttar ho Thor Heyerdahl sin søken etter personane bak dei norrøne gudeskikkelsane.


Utanriksmagasinet Mir kan du høyra kvar torsdag frå klokka 10 til 11 på Studentradioen i Bergen. Kvar veke kan du høyra utanrikspolitiske analyser, kulturelle reportasjar og diskusjonar om ukjende eller kjende problemstillingar i verda. Gjekk du glipp av vekas sending? Den kan du høyra i reprise her, eller du kan lasta ned podcasten vår.


Kommentarar til sendinga til umir@srib.no




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.


Anbefalinger fra Facebook



blog comments powered by Disqus

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern